Videokonkurransen 2015

Videokonkurransen 2014: Førsteprisvinnar Charlotte Skar flankert av dei to som delte 2. prisen: Tove Østby og Ivar Østby

Fron historielag inviterer til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron 2015. I Fron kan ein ause av tema for ein lokalhistorisk video. Det er berre å bla i årgangane av Fronsbygdin, så regnar det med idear. Men mange gamle kjem aldri til å skrive ned minna dei har frå 30-talet, frå krigen, frå liv og arbeid i ei tid som hadde heilt andre verdiar og vilkår. Berre nokre steinar og stokkar står att av hus der dei levde og elska, song og sleit. Dei som nå er 80 år gamle, vart fødde i 1935 og var fem år gamle da krigen kom oppover dalen. Dei fekk ein barndom med rare klede og lite moro. Dei var 20 år gamle i 1955, da Elvis Presley slo igjennom saman med grammofonen. Dei var 30 år gamle da The Beatles hauka seg inn i hjarta. Dei har opplevd store klasseskilje i Fron, dei har kjørt i mange rare kjøretøy, dei lærte praktisk kunnskap som er i ferd med å bli borte. Korleis skal du oppbevare mat når du ikkje har frysar?

Fron er full av folk med livserfaring, kunnskap og glede over å fortelje. Det er berre å leike seg med bilde og lyd. Bruke videokameraet, eit levande ansikt, lyset, stemninga, det overraskande. Så redigere – sette saman film, bilde, nytt og gammalt, legge på lyd, musikk, tekst. Skapande og spennande og eit dokument for framtida. Du har laga ein lokalhistorisk video som kan gje deg 5000 kronar i premie. Eller 3000 kronar. Eller ein tredjepremie på 2000 kronar.

. Gje oss gjerne ei melding om at du tar sikte på å vera med. Vi tar sikte på å invitere alle interesserte til ein videoverkstad i mai 2015, der du kan få tips, idear og tilbakmelding på det du arbeider med.

Videoen skal vera på omlag 10 min, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet.

På nettsida digitaltfortalt.no kan du få idear og inspirasjon. Korleis det kan gjerast  og kanskje ikkje gjerast. Videoen må ikkje innehalde musikk med opphavsrett. På nettsida soundcloud.com finn du musikk som er til fri bruk. Historielaget vil innby til ein videoverkstad i mai, der dei som ønskjer det, kan få tilbakemelding på idear og framlegg.

Konkurransen er open for alle med tilknytning til Fron. Frist: Laurdag 26. september 2015.

Vinnaren får kr 5000. 2. plass kr 3000. 3. plass kr 2000.  Vinnarane blir kåra på lanseringa av årboka Fronsbygdin 2015 i månadsskiftet okt/nov. Dei beste videoane bli presenterte på heimesida til historielaget.

Her er vinnararne i videokonkurransen 2014. Her finn du ôg det juryen hadde å seie om dei tre videoane. Du kan sjå kva juryen la vekt på.

 

Mer informasjon:

Ole Christian Risdal: olerisdal at hotmail.com      tlf:   977 33 315

eller Carl Henrik Grøndahl: carl.grondahl at gmail.com    tlf:  482 46 498

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s