
Videokonkurransen 2014: Førsteprisvinnar Charlotte Skar flankert av dei to som delte 2. prisen: Tove Østby og Ivar Østby
Fron historielag inviterer til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron 2015. I Fron kan ein ause av tema for ein lokalhistorisk video. Det er berre å bla i årgangane av Fronsbygdin, så regnar det med idear. Men mange gamle kjem aldri til å skrive ned minna dei har frå 30-talet, frå krigen, frå liv og arbeid i ei tid som hadde heilt andre verdiar og vilkår. Berre nokre steinar og stokkar står att av hus der dei levde og elska, song og sleit. Les meir