Folk i Kvam får hente presten sjølv!

Korleis går med skyssplikta på ny E6 ved Odenrud i Sør-Fron? Foto: Statens vegvesen

Når nye E6 tar form gjennom Fron, kan det vera godt å ha litt perspektiv og lesa det RAGNAR ØVRELID skriv: Skyssplikta var den verste. Frå dei eldste tider hadde bøndene hatt plikt til å skysse kongen og hans folk. Klager over dette høyrer vi om alt i 1400- og 1500-åra. Men på 1600-talet vart det verre. Embedsstanden auka på og vart flittigare: Bispane

visiterte nesten så ofte som de hadde plikt til, og bøndene slet og rodde, red og drog: Prestene var pliktoppfyllende, messefallene ble færre, og bøndene skysset

skriv Sverre Steen. Futen skulle ha føring med skatten. Adelsfolk skulle skyssast, og offiserane som reiste rund og øvde opp nye soldatar. Mange privatpersonar hadde friskyssbrev, eller laga seg slike sjølve – ikkje mange av bøndene kunne lese.

Skyssordninga vart i 1600-åra bunden til gjestgivargardane. Fronsbøndene vart knytta til kvar sin gjestgivargard som pliktskyssar. Bøndene fekk ingenting for strevet. Først i 1816 vart friskyssen avløyst med at dei reisande måtte betale skyssmannen.

Skyssordningen i Fron var slik frå slutten av 1600-åra: Til skyssstasjonen Oden i Sør-Fron høyrde 72 skyssgardar. Til neste stasjon, Korsgarden eller Litlegard i Sødorp: 41 skyssgardar. Til Vik i Kvam 18 skyssgardar.

Kvamværingane var svært misnøgde med denne ordninga. Dei tykte det var urettferdig at dei skulle ha så få skyssgardar, når dei hadde dei lengste strekningane å skysse: Til Sødorp 1 mil, nordover til Breibygda 1 3/4 mil. Korsgaden hadde berre 1 mil til Kvam og 1 mil til Oden, og Oden hadde 1 mil til Korsgaden og 1 1/2 til Berg i Ringebu.

Kongen påbaud så i 1777 at Kviknegardane og ein del gardar i Rustbygda skulle hjelpe Kvam på strekninga Vik-Korsgaden, og at gardane nord for Vinstraelva skulle hjelpe Kvam på strekninga Vik-Breibygda. Desse gardane måtte stille opp med hestar på Vik og vera der 2, 3 eller 4 dagar i året, alt etter storleiken på garden. I alt skulle 24 gardar frå Sødorp og Kvikne sokne til Kvamskyssen, mens Sødorp i sin tur skulle få hjelp frå Sør-Fron. Til Kvamskyssen kom da desse gardane: Byre, Haugen, Støslia, Hallingsvika, Rusta, Tårud, Sundet, Lo, Kongsli, Bryn, Bø, Lunde, Hov og Haugen. Til Korsgaden frå hovudsoknet: heile Skurdalsgrenda, Rudi, Rolstad, Grytting, Kjorstad, Tagestad, Heggerud og Solbrå.

Heime i bygda var det særleg presteskyssen det vart krangel om. Ikkje om sjølve skyssen, men om kven som skulle skysse. Dei sprekaste av prestane rei til annekskyrkjene og fekk ei rideavgift av bøndene. Men i 1740 måtte Kvamsbøndene køyre heilt sør til Fron og hente presten dei to mila til Kvamskyrkja. Kvamværane bad om at hovudsoknet måtte hjelpe til å skysse. Men sør-frøningane var ikkje villige til det. Det var ein eldgammal skikk at folk i Kvam henta presten sjølv, sa dei. Mange av bøndene i hovudsoknet budde på vestsida av elva. Det ville bli svært tungvint for dei, når dei haust og vår i storm og uvêr skulle føre hestane sine over elva i ferje eller båt. Sør-frøningane meinte elles at dei hadde skysspliktar som dei andre sokna slapp, til dømes ved sesjonar og ved generalmønstring av soldatane.

Stiftsamtmannen i Kristiania, von Rappe, bestemte: Skyssen skal vera som før. Fekk Kvam hjelp til dette, var det straks to anneks til som ville krevje det same. Men her hadde den gode stiftsamtmannen ikkje lese lova godt nok. For i 1752 hadde statsmaktene kome på andre tankar:

Almuen udi Frons hovedsogn bør komme almuen udi annekset Kvam til hjelp med presteskyssen den første mil fra prestegården så ofte gudstjenste i Kvam bliver holden.

Gardbrukarane frå hovudsoknet og frå Kvam skulle altså skysse halve vegen kvar.

 

Frå Historia om Fron, bind 1

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s