Gode nyttårsønske frå oss i Fron historielag.! Det har vore eit triveleg og aktivt år på denne heimesida. Desember vart rekordmånad med 17 278 treff i skrivande stund. Omlag 60 000 besøk frå 21 land i 2014. Dei las til saman artiklane 150 590 gonger så langt. Fem på topp: Eivind Holens Vis-Knut spådde rett, posta i januar og påny i desember. Til saman 6140 las han. Omlag 3000 las Håkon Sveen om Kvamshumoren. Fride Gunn Rudi fortalde Slik enda vintersetringa på Furuseter i 1933, og 1503 har lesi det ho skreiv. Ole Chr. Risdal fann fram til eit tv-program Arvid Møller laga frå Skåbu for 40 år sidan. Så langt har 1242 sett det. Redaktøren melde den nye Peer Gynt på Gålå i august – Inn i teaterhistorien, lesen av 1217. Les meir
Monthly Archives: desember 2014
Takk for 2014!
Filed under Informasjon
Hansen på Fefor – kva var det for ein kar?
HANS PETTER KLEIVEN: Han åt både kråke og skjor, til og med hoggorm. Han fiska, jakta, fanga vilt og levde eit spartansk liv. Ein fenomenal person, godt likt av alle, gavmild, galant og glad i damer. Og så har han sett sjøormen i Feforvatnet! Vart det sagt om han. Dei fleste eldre frå Midtdalen kjenner til Hansen og har noko å fortelja om han, sjølv om nesten ingen veit kva fornamnet hans var, og få har vel nokon gong møtt han. Det er difor på høg tid at vi lyfter litt på det mystiske sløret som ligg over Hansen og livshistoria hans. Hans Severin Hansen, forfattaren Johan Bojer og multikunstnaren Pål Kluften hekk i mange år saman som erteris. Med jamne mellomrom tok dei inn på Fefor Høifjellshotel for ei veke om gongen og levde livet. Ingen av dei var spesielt interesserte i damer, og desse opphalda var datidas «gutta på tur». Pål Kluften var alltid innom anretningen og «spela for jentom», og karane dominerte miljøet på hotellet når dei budde der, seier dei som hugsar det. Les meir
Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder
Kvamshumoren
HÅKON SVEEN: «Eg skal fortelja ei kvamshistorie.» Dei fleste som har vore på kurs, seminar eller i festlege lag, kjenner seg vel att? Neste same kor du er, vil du oppleve at ein eller annan i forsamlinga tek ordet og startar slik. Utanfor distriktet følgjer så ein stutt forklaring om kor Kvam ligg i landet, men jamnt over har eg inntrykk av at svært mange allereie veit kor bygda er. Slik sett har lynnet vore med på å setja kvamværen og heimplassen hans på kartet. Kvamværane blir sett på som lettliva og humoristiske. Les meir
Filed under Kunst og handverk, Språk
Segner om Vis-Knut
Tidleg på 1930-talet samla elevar ved Skåbu skule inn segner. Som takk. Grosserar Tønder Bull frå Oslo kjøpte Fjellheim i Skåbu omkring 1920. Han tok i bruk plassen som feriestad og vart svært interressert i Skåbu. Han gav mellom anna døypefonten da bygda fekk eigen kyrkje i 1927, og han kjøpte inn ein del utstyr til skolen i Skåbu. Som takk for dette laga barna ved skolen eit fint hefte, som dei overrekte han. Innholdet var segner og teikningar frå Skåbu. Her er det ôg segner om Vis-Knut. Les meir
Filed under Biografiar, Folketru, Menn
Unik film frå Isum!

Flott 95-åring! Anne Marie Tron har framleis glimt i auget, og med hugs som ein ungdom har ho mykje å fortelje frå eit langt liv. Ho følgjer nøye med på kva som skjer, ikkje minst på Facebook!
OLE CHR. RISDAL: Anne Marie Tron blei fødd på Isum i 1918. Som vanleg var på den tida, måtte ho tidleg lære seg til å arbeide. Nokre av dei finaste barndomsminna ho har, er livet på setra. I 1937/38 skulle også seterlivet bli foreviga. Det var den kjende filmfotografen Paul Berge frå Fåvang som sytte for det. Han laga fleire opplysningsfilmar for å dokumentere jordbruket i Noreg. Du kan lese meir om han i Årbok for Gudbrandsdalen 1999. For mange år sidan blei det også laga eit NRK-program frå Isum, der Anne Marie og dei fire syskena hennar, Iver, Ragnhild, Pauline og Tor, deltok. I det programmet blei det også vist klipp frå denne gamle filmen, der Ragnhild, Pauline og Tor var med. Historielaget har hatt originalen i mange år, men no er den endeleg digitalisert. Her kommenterer ho sjølv det ho var med på for 75 år sidan. (Publisert her første gong 29.11.2013)
Filed under Jakt og fiske, Setring, Verksemder
Historia om et slott
CARL HENRIK GRØNDAHL: På Fron vestfjell, med utsikt over Øyangen, ligger en diger tømmerbygning. Et eventyrslott. Som så mange slott var det til glede først, og så til bry og bekymring. Bygget av oljemannen Georg von Krogh, overtatt av den gåtefulle gründeren Israel Krupp, som trengte penger og solgte til Jern&Metall/Fellesforbundet, som fikk nok etter noen år, trengte penger og ville selge. Men da sa lokallaget i Gjøvik nei og overtok. Ikke nødvendigvis en klok beslutning. Det er krevende å drive og vedlikeholde et hundre år gammelt slott uten strøm, vann og kloakk. Bjørkåsen er nå solgt til en Oslo-kar, som skal få slottet på fote igjen – og føre videre en historie som er forunderlig og rik. Fellesforbundet forteller den slik: Les meir
Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder
Den bitre stiden om Koloa

Det var Kollokassa som betalte for denne minnesteinen på Sinclairs grav, laga av Per Hanson Lien, og reist i 1860 til 250 års-markeringa i 1862. . (Frå kringen1612.no)
EINAR HOVDHAUGEN: Busetnaden på Koloa står i ei særstilling og har neppe nokon fullstendig parallell andre stader i dalen. Heilt til på 1600 talet må Koloa ha lege som ein øye skogstrekning mellom Kjørum og Brebygda. Det er først på 1600-talet, da eit visst folkepress gjer seg gjeldande, at rydding av Koloa blir aktuelt. Dete blir ein strid mellom rydningsmennene og bøndene. Les meir
Filed under Jordbruk
Boka om Tor Sæthersmoen
Nå er ho her, boka om motstandsmannen, forretningsmannen, friluftsmannen og familiemannen Tor Sæthersmoen. Saman med forfattaren Ole Chr. Risdal signerer han boka i dag på Libris, Vinstra. Ole Chr. Risdal fortel i forordet: Les meir
Filed under Biografiar, Menn, Verksemder