Tyfus og kjønnssjukdom i Fron

Pesten i trappa. Teikning: Theodor Kittelsen

RAGNAR ØVRELID: Gudbrandsdølene lever så sunt og så lenge at dei må flytte til ein annan landsdel når dei var trøytte av livet. Skreiv Erik Pontoppidan i Norges naturlige historie fra 1753. Statistikk over sjukdomskriser viser at Gudbrandsdalen var beskytta mot epidemiar, og meir til lenger nordover vi kjem. Men utover 1700-åra med handel og aukande samkvem blir Noreg mikrobisk sett samla til eitt rike. Sokneprest Schiøth skriv i 1743:

Den alminneligste sykdom i Fron er brystsyke, folk går for meget med blott bryst, særdeles om våren.

Dessutan

svagheter i føttene av den megen gang opp og ned av bjergene.

Sjølv om Fron var beskytta, fordi bygda låg så langt frå smittekjeldene, nådde farsottane hit ôg, ikkje minst gjennom heimvendte soldatar. Etter krigsåra 1716-19 vart syfilis innført av tyske soldatar og dragonar. Sjukdomen er ekstra farleg, skriv Schiøth, fordi folk prøver å skjule den. Det finst mange nyttige legeurtar i byda, men ingen  bryr seg om dei. Bygdefolket søker gjerne til presten og andre standspersonar med kjønnssjukdomane. Distriktslegen for Gudbrandsdalen skriv i 1836:

Radesyken (ein slags syfilis) er meget alminnelig. Veneriske sykdomme er slett ikke sjeldne, og vedlikeholdes av det utbredte kvaksalveri, som understøttes av at det er så lett å skaffe endog farlige medikamenter fra apotekene.

Distriktslegen skriv i 1836 om eit tyfusutbrot på Hundorp:

Fire timer etter min ankomst døde konen i huset. Mannen og sju andre av husets folkv ar kraftig angrepet, og et par i et annet hus på gården.

Jordmora i soknet, Maria Lillejevne frå Kvam, opptrådte «oppofrelsesfullt» som legens medhjelpar. Likevel vart ingen skåna, alle på garden døde.
Dette innfallet av tyfus, som dei meinte eit omstreifande taterfølgje hadde ført med seg, smitta 30 personar ellers i bygda. Men av desse døde berre to. Jordmora og tenestejenta hennar vart også smitta. Men legen greidde å redde livet deira.

Ein generasjon tidlegare hadde denne epidemien, som verkeleg var vondarta, kravd mange fleire menneskeliv. Men her i bygda var ikkje legar heilt ukjende på 1700-talet hellet. Til eksersisplassen på Breivegen var det gjerne knytt ein såkalla feltskjer, ein kombinasjon av barber og lege, meir eller mindre velutdanna.

 

Frå Historia om Fron, bind 1

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s