Måleria i bygdahuset i Skåbu

Møte på Skåbu bygdahus. Legg merke til alle måleria på veggane!

OLE CHRISTIAN RISDAL: Bygdahuset i Skåbu er 60 år i 2014. Det blir brukt i mange samanhengar.  På veggane kan ein sjå måleri av alle gardane i Skåbu, ei fantastisk gåve til bygdahuset frå Sigmund Hernæs. Her har Hernæs foreviga nesten alle gardsbruka og setrene i Skåbu og Tverrbygda. Hernæs var ein utruleg allsidig og produktiv mann. Som mange veit, var det som lærar at han kom til fjellbygda i 1932, og tente yrket i om lag 40 år. Ved sidan av lærargjerninga og målarkunsten hadde han også mange andre jern i ilden. Her kan ein nemne slektsgransking, veving, fele/notekurs og primus motor for både 4H og koraktivitet. Han og kona Nora vart viden kjent for vevinga si og fekk svært mykje å seie for Krogenæs-fabrikken. For ein del år sidan kom Håkon Sveen med fotografi av heile samlinga. Her finn du dei 11 fyrste måleria frå Sigmund Hernæs. Det kjem fleire etter kvart: 

Bakkeud

Bakkerud til venstre. Til høgre ser vi Solhaug og den legendariske Timann-butikken. Lengst bort skimtar vi Vesteng.

 

Hern1

Nedre Fosse. Denne garden måtte leggjast ned på 1970-talet på grunn av rasfare, og alle husa vart rive. Brukarane, Ragnar og Embjørg Fosse, bygde seg nytt hus i nærleiken av Skåbu sentrum. Jordvegen vart i 1986 seld til Asbjørn Veslum på Strandli.

 

hern2

Haugen

 

hern3

Nistugu Skåbu

 

hern4

Nedre (Søre) Veslum

 

hern5

Søre Kampeseter

 

hern6

Nørdre Lia

 

hern7

Slåa

 

hern8

Rønningslåa

 

hern9

Nørdre Risdal

 

hern10

Hysjulienget. Fråflytta 1968 og husa er borte. Svein Hysjulien og familien flytta til Vestre Gausdal. I 1980 vart eigedomen seld til Terje Heide på Solhaug.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s