Utukt på fjøset

Det var i fjøsa det gjekk føre seg

RAGNAR ØVRELID: Tenarane låg i fjøset. Det var skikken frå gammalt av i Fron. Sokneprest Schiøth meiner at det er ein skammeleg uskikk at bøndene lar «såvel drenge som piger» ligge i fjøsa. Dette fører til stor «lettferdighed». Jenter og gutar er knapt 15-16 år før dei ligg saman. Om nettene er fjøsa ofte fulle av tenestegutar som «løber fra en gård til en anden efter pigene.» Det same skjer på sætrene, «hvor de om natten har leilighed til å ligge med hinanden.»

Desse forholda bruker ungdomen til å drive utukt, skriv Schiøth. Dei meiner at det verken er synd eller skam. Av den grunn kan ein ofte finne ugifte jenter som har to, tre og fire barn. Mest i kvar husmannsstove finst «et besovet kvinnemenneske», og atskillege gutar har på eit år sett barn på både to og tre jenter.

Slik var det i 1730- og -40-åra, enda presten nok overdriv ein del. Noko betre vart det nok sidan. Vi finn ikkje så overvettes mange uekte barn vidare utover 1700-talet, i regelen ein 10-15 i året, eller om lag 10% av dei fødde. Folketeljinga 1801 viser heller ikkje så mange ugifte mødrer.

Men fjøset heldt fram som opphaldsstad for tenarane. I 1850-åra la Eilert Sundt merke til at til og med nye fjøsbygningar var innreidde med soveplassar. Ein stad her i bygda fann han

et stort system av dobbelt-senge, en nede og en ovenover, hver stor nok til tre eller fire personer. Hva, har du åtte budeier? Nei, det var nok meningen at jentene skulle ligge der nede og guttene der oppe.

Sundt fortel om eit anna fjøs. Bakarst, i den skitne gangen mellom båsrekkene låg jentene, slik at all slags skvett og stank kunne nå dei. Bak den illeluktande grisebingen sov tenestegutane og legdmannen. For å kome fram til sengene sine måtte dei vasse gjennom sauebingen. Til og med på prestegarden fann Eilert Sundt slike forhold.

Skikken med å ligge i fjøset ser ut til å vere på tilbakegang i Fron etter 1850. Tenararne fekk eigne rom i våningshuset, eller i eigne drengestover. Men framleis i 1875 låg mange i fjøset.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s