-Personlege opplevingar står i førarsetet

STÅR BAK BOKA: Redaksjonssekretær Gard Espeland og redaktørane Rasmus Stauri og Per Ottesen kosar seg stort med å samle historie frå Fronsbygdene. Nå er dei klare med ei ny bok. Foto: Kristin Veskje GD

Har du sikra deg Fronsbygdin 2014? Boka får mykje ros og kan bli utseld. -Personlege opplevingar står i førarsetet, og med eitt blir historia levande, skriv Dølen. Her er innhaldet:

 Kvams eigen eidsvollsmann av Arild Teigen: Berre to gudbrandsdølar møtte på Eidsvoll i 1814. Det var Anders Lysgård, født i Øyer, men busett på Biri. Og Paul Harildstad Aamodt, født i Heidal, men gardbrukar på Sjoa.

Kyrkjene vart brukt til vallokalogså i Fron av Rasmus Stauri: Sør-Fron kyrkje vart brukt til vallokal da det skulle veljast valmenn som skulle velje utsendingar til Eidsvoll.

Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken: På plassane under Dalsegg, på vestsida av Laugen ved Breivegsbrua på Sør-Fron, budde eit trettitals personar i 1865. I dag er fleire av dei små plassane borte.

Omgangsskulelæraren i Langli´n av Tore Fevolden
I 1838 tok Engebret Bakken til som omgangsskulelærar i Langlia – ei stilling han hadde i 41 år. I 1840 kjøpte han garden Bakken som sidan da ofte har vore kalla Skulmesterhaugen eller Skulmesterbakkin.

Gamle segn og soger frå Skåbu av Georg Megaarden
Ein jotun som kasta stein på Skåbu-kyrkja. Tre brør som sette lite pris på presten. Og ein uvanleg fiskefangst. Dette er tre soger frå Skåbu som Georg Megaarden fortalde om i Arbeiderbladet in 1930.

Da det vart sleppt yngel i Fossåa av Gard Espeland
Frå 1900 og utover var det stor interesse for å sleppe fisk i elvar og i fjellvatna. I Sør-Fron har det vore tre klekkeri – på Svelle, på Valseter og i Baukholsgrenda.

Tamreindrift i Fron av redaksjonen

Brekka skule – ein av dei nedlagte av Oskar Letrud
I 1913 vart det bygd nytt skulehus i Brekka like sør for Kvamsporten i Nord-Fron. Det avløyste det gamle frå 1886. Barn frå båe sider av Laugen gjekk på denne skulen som vart lagt ned i 1984.

Innmarksnamn på Tåkåstadgardane av Sigurd Grytting
Innmarksnamn – namn på åker og eng – kan fortelje om friftsmåtar, om terrenget, eller om tidlegare eigarar. Med mange folk i arbeid var slike namn nødvendige. Nå er mange av namna i ferd med å forsvinne.

Opp og ned med Vinstra vidaregåande skule av Olav Bratland
For Vinstra vidaregåande skule har det vore uheldig med den sterke utbygginga av dei andre skoletilboda i Dalen. Det som ein gong var eit kjent landsgymnas, er ikkje lenger ein skole for heile dalen.

Kalkbrenning i Kollodalen av redaksjonen

Halvdan Krag – ingen dusingvare av Hans Odenrud
Mange vaksne frøningar hugsar Halvdan Krag som levde mellom 1901 og 1976. Han bygde båtar, og han teikna og produserte prefabrikkerte hus. Han var ein mann med humor, sjølvironi og poetiske evner.

Lidarheim-butikken i Lia av Gard Espeland
I 1897 hadde Amund J. Rudi frå Sør-Fåvang tent så mykje på skreppehandel at han kunne kjøpe Lidarheim i Lia i Sør-Fron. Her opna han landhandel, og her var det butikk i over 100 år fram til 2004.

Kjøpmann og musikkentusiast – om Magnar Rudi av Gard Espeland

Olai – kuffertkremmar og lagstav av Gunnar Lien
Olai Olsen som budde på Breivegen, var ein kremmar som fòr rundt i bygda med kufferten sin og selde ymse varer. Også var han kjent for å vera ein lagstav, ei skravlebytte, utanom det vanlege.

Mitt Arktis i Fefortraktene av Sigrun Slapgard
I området opp mot Fefor kunne barn i Riste dra på polarekspedisjon, og i skogen ned mot Laugen kunne dei leike at dei var indianarar. Vart nokon skadde, kunne dei leggjast inn på sjukestova på låven.

Golo – ei elv i Ruste av Anders Haugen
Golo er inga stor elv, men likevel har ho vore til god nytte for rustværane, som har fiska, saga bord og male korn. Men elva har også skapt strid, og vore tema for bitre rettssaker.

Da Holocaust kom til Fron av Kjartan Ruset
I 1918 busette den jødiske familien Karpol seg på Harpefoss i Sør-Fron. Hausten 1942 vart dei tre barna, Klara, Samuel og Ester sendt til utryddingsleir i Tyskland. Frå der kom dei aldri att.

Sør-Fron sangkor 100 år av Vegard Bjerke
Sør-Fron sangkor vart stifta 25.februar 1914. Det har gått opp og ned med aktiviteten, men koret har sunge for kong Haakon, og saman med Ytre Suløen Jazzensemble, med Dolly de Luxe og Hanne Krogh.

Storfremmon i Kvam av Geir Beitrusten
Gjennom åra har mange kjende personar gjesta Kvam – alt frå kongar til popstjerner. Den kriminelle forfattaren Arthur Omre brukte til og med Kvam som base for smuglarverksemda si.

Ord og uttrykk i fronsmålet av Magne Malerbakken

Fårråreppen sett frå Kjønås av Jon Ødegård
For dei som budde på Nørdre Kjønås var det stuttare å dra til butikken på Frya enn til Vålbrua. Ved riksveg 50 skjedde det mykje spennande. Men ein slik tur kunne også vere skummel for ein som var liten.

Froon, Ffroon, Fraaen og Fraun av Tore Fevolden

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s