
STÅR BAK BOKA: Redaksjonssekretær Gard Espeland og redaktørane Rasmus Stauri og Per Ottesen kosar seg stort med å samle historie frå Fronsbygdene. Nå er dei klare med ei ny bok. Foto: Kristin Veskje GD
Har du sikra deg Fronsbygdin 2014? Boka får mykje ros og kan bli utseld. -Personlege opplevingar står i førarsetet, og med eitt blir historia levande, skriv Dølen. Her er innhaldet:
Kvams eigen eidsvollsmann av Arild Teigen: Berre to gudbrandsdølar møtte på Eidsvoll i 1814. Det var Anders Lysgård, født i Øyer, men busett på Biri. Og Paul Harildstad Aamodt, født i Heidal, men gardbrukar på Sjoa.
Kyrkjene vart brukt til vallokal – også i Fron av Rasmus Stauri: Sør-Fron kyrkje vart brukt til vallokal da det skulle veljast valmenn som skulle velje utsendingar til Eidsvoll.
Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken: På plassane under Dalsegg, på vestsida av Laugen ved Breivegsbrua på Sør-Fron, budde eit trettitals personar i 1865. I dag er fleire av dei små plassane borte. Les meir