Pionerarbeid som har bore frukter

c3b8vertun1

Øvertun 1976. Fremst sit leiarane Arne Risdal (til venstre) og Anton Amundgard. Bak frå venstre: Erik Bjørke, Arne Listad, Ola Listad, Øystein Skotte, Jon Håvard Brandvol, Kristin Veskje og Liv Jorunn Korstad. Året etter vart Sør-Fron juniorspelemannslag stifta. Seinare begynte Anton Amundgard med feleopplæring både på Harpefoss, Heidal og Sel. Arne Risdal heldt også kurs på Vinstra, sette i gang opplæring i heimbygda Skåbu i 1981, og hjalp seinare til med opplæring i Heidal. Skåbyggingane og heidølane slo seg saman i 2008, og er i dag grunnstamma i Mukampen spelemannslag. Dei kan tilmed kalle seg nordisk meister i folkemusikk!

OLE CHRISTIAN RISDAL: No i november er det 40 år sidan Anton Amundgard frå Sør-Fron og Arne Risdal frå Skåbu sette i gang pionerarbeidet sitt for å sikre rekrutteringa til felemusikken i Midtdalen. Ein var i ferd med å få ei forgubbing, og det var på tide å gjere noko.

Etter Landskappleiken på Oppdal i 1974, bestemte desse karane seg for å byrje med feleopplæring same hausten. Dette skulle skje på grendehuset Øvertun i Sør-Fron, og allereie første kvelden møtte det opp 15 ivrige ungar. Etter kvart vart det med langt fleire, og i 1977 vart Sør-Fron juniorspelemannslag stifta. Eventyret var eit faktum. I dag veit vi at Sør-Fron er det laget i Noreg som kan smykke seg med flest titlar.

sørfronsp

Sør-Fron spelemannslag 1992. Foto: Bjame Fossøy

Seinare begynte Anton Amundgard med feleopplæring både på Harpefoss, Heidal og Sel. Arne Risdal heldt også kurs på Vinstra, sette i gang opplæring i heimbygda Skåbu i 1981, og hjalp seinare til med opplæring i Heidal. Skåbyggingane og heidølane slo seg saman i 2008, og er i dag grunnstamma i Mukampen spelemannslag. Eit lag som tilmed kan kalle seg nordisk meister i folkemusikk!

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s