Daily Archives: 17. november 2014

Jukulkula

På solsia synnafor Ny-Sambu — Nord-Fron — blir det om vinteren ei ofseleg stor sveilkule uppi li’n i ei dokk. Denne kula ligg slik til at sola ikkje kjem til der før seint på dagen, og ho held seg lenge utover våren. På Bre’e såg på denne kula når Øyangsvatnet var ope, så dei kunne borti der og fiske. Ho er kalla Jukulkula, og når ho er borte, er isen gåen. Det var ei dame på Bre’e som fekk Øyangsvatnet av ein høgtståande embetsmann fordi ho var god mot «om. Det var slik at slike karar tok inn der på Bre’e når dei for etter dalen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk, Kommunikasjon