Sveltihelkjerra

Dei var rausare på tida den gongen. Folk tok seg betre tid til alt og alle.

MARGIT LYKKJOM FORTEL TIL ANTON LØKKEN: Mjølkebilen tok til å kjøre på setra i Sødorp i 1928. Da vart det brått slutt på ysting og kinning. Det vart messom meir matlaust på seter’n au. Eg hugsar eldre folk kalla mjølkebilen sveltihelkjerra. Men det vart i alle fall lettare å vera budeie etter at mjølkebilen kom, det vart mindre arbeid. Sjølv dreiv eg mest med ysting og kinning for moro skuld. Kvar laurdag tora eg. Det var godt å ha ein fløteskvett på lager. Ungane likte godt å koke seg karamell.

Under krigen laut oss ofte lure oss til å yste ein gong i blant. Rauosten var gjev å byte til seg andre varer, slik som såpe.

Mjølkebilen gjekk kvar dag. Sjåføren hadde med seg posten og småting som folk trong når han kom opp att om eftan. Gjær, tobakk og snus, fyrstikker og slikt det var sporlag etter dagstøtt. Det vart mykje kaffedrikking og kvekt ved mjølkerampa når vêret var fint. Sjåføren vart ofte bedt inn på kaffe au. Dei var rausare på tida den gongen. Folk tok seg betre tid til alt og alle.

Når skulen begynte att om hausten, var mange skulebarn med mjølkebilen både opp og ned. Det vart lange dagar for dei som hadde lengst å reise. Og skulereisa tok lang tid, mjølkebilen kjørte innom kvar ei seter og henta mjølkespanna. Det vart mange tunge lyft på sjåføren på ein slik tur.

 

Frå Fronsbygdin 2003

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s