
Dei var rausare på tida den gongen. Folk tok seg betre tid til alt og alle.
MARGIT LYKKJOM FORTEL TIL ANTON LØKKEN: Mjølkebilen tok til å kjøre på setra i Sødorp i 1928. Da vart det brått slutt på ysting og kinning. Det vart messom meir matlaust på seter’n au. Eg hugsar eldre folk kalla mjølkebilen sveltihelkjerra. Men det vart i alle fall lettare å vera budeie etter at mjølkebilen kom, det vart mindre arbeid. Sjølv dreiv eg mest med ysting og kinning for moro skuld. Kvar laurdag tora eg. Det var godt å ha ein fløteskvett på lager. Ungane likte godt å koke seg karamell. Les meir