Krigen gjorde slutt på problema

Men fattigdommen og arbeidsløysa forsvann. Tyske soldatar får kanon på plass forbi Vik. Bilde frå Tor Teigen/Kvam Historiske Forening

RAGNAR ØVRELID: Krigsåra gjorde slutt på eitt av dei store problema i Fron: Arbeidsløysa. Og som resultat av det: krigen gjorde også slutt på den verkelege fattigdommen i bygda. Vi har ikke tal på kor mange som var utan arbeid i Fron i 1930-åra. Men indirekte får vi eit bilde av situasjonen. Møteprotokollane til kommunestyra er fulle av ettergivne skattar og offentlege tiltak for å halde den verste nøda borte. Og det var ikkje berre mangel på arbeid. Dei som hadde ein jobb, fekk heller ikkje stort betalt. Tidleg i 1930-åra kunne ein gardsarbeidar gå for ei krone dagen og kosten. Ein butikkplass kunne like før krigen bli betalt med 45 kroner månaden pluss kost og losji. Forretningane i bygda hadde elles store problem med å få folk til å gjere opp for seg.

Alfred Rolvsbakken, Sør-Fron, fortel:

Eg hugsar spesielt sommaren 1934 da eg var gardsgut. Eg hadde 25 kronar månaden pluss kost og losji, og kosten var god. Det var 10 timars dag, 60 timars veke. Ein månad kjøpte eg eit par sko og ei bukse. Skoene kosta 16 kroner og buksa ni kroner. Slik gjekk heile månadsløna til eit par sko og ei bukse av billegaste slag. Hausten 1933 var eg med på tresking hos åtte gardbrukarar som eigde ei treskemaskin i fellesskap. For å bli med måtte ein tinge på om våren, det var mange som gjerne ville vere med på dette arbeidet, som varr betre betalt enn vanleg gardsarbeid. På treskinga fekk vi 2 kroner dagen for ein ti timars dag pluss kost og losji, på gardsarbeid berre ei krone. Vi treska i seks veker på dei åtte gardane, det vart 360 timar. Vi tente 72 kroner, og eg hugsar eg tykte eg hadde tent mykje i den tida treskinga varte.

Sommaren 1940 innstilte arbeidsløysenemnda i Nord-Fron 11 mann til vegarbeid, med varamenn, blant mange søkarar. I Sør-Fron utarbeidde dei som vanleg hausten 1940 ein arbeidsplan for vinteren: kommunen skulle skaffe 50 mann arbeid med skiferbryting, vegarbeid og rydding til bureising. Våren 1941 registrerte Nord-Fron kommune 20-30 arbeidsledige. I juni 1941 var det 6 arbeidsledige i Sør-Fron. Sidan høyrer vi ikke om folk som mangla arbeid i Fron før lenge etter krigen.

Derimot var det snart mangel på arbeidskraft. Ordførar Sandbu i Nord-Fron klagar i januar 1942 over stor mangel på skogsarbeidarar, slik at tømmerdrifta blir sterkt forsinka. Det var særleg gardane som mange arbeidshjelp. I åra 1942-1944 melder Nord-Fron kvar månad om frå 20 til 70 ledige plassar, spesielt i vår- og haustonna. Eit par år prøvde fronkommunane forgjeves å få lagt arbeidsteneste ti bygda. Men dei kunne ikkje tilby god nok innkvartering, fekkedei høyre frå sentralt hald. Hausten 1941 var det til og med snakk om å få 25 Oslo-barn oppover til haustarbeidet i Nord-Fron. Men det vart det heller ikkje noko av. Sommaren 1942 gikk heradstinget i Nord-Fron så langt som å ville nekte folk frå bygda å ta arbeid utanfor kommunen, og nekte dei som arbeidde i jord og skogbruk å ta andre slags jobbar,

Jordbruket mangla særleg mannleg arbeidskraft. Men også hotellnæringa i bygda hadde problem med å skaffe seg hjelp. Her var det kvinner det var spørsmål etter, og liksom på gardane var hotellarbeidet sesongprega og godt høveleg for bygdas kvinner.

Fleire ting kan forklare denne omsnunaden i arbeidssituasjonen i bygda. Ordførar Sandbu skulda i januar 1942 på at så mange søkte seg ut på anleggsarbeid «hvor det betales høye lønninger». Vi har ikkje tal, men mange var det som tok arbeid på dei tyske anlegga på Frya, på Dombås og på Nordseter. Der hadde dei  ôg bruk for kvinneleg arbeidskraft til reinhald og på kjøkkena. På Frya fekk anleggsarbeidarane i 1942 over to kroner timen. Mens dei som tok arbeid i våronna på eit bruk i Sør-Fron fekk fem kroner dagen pluss evt 3,50 for hesten. Og enda var det brukbart samenlikna med førkrigsbetalinga. Trass i forodningar og påbod sleit jordbruket med manglande arbeidskraft frå 1941 til krigen slutta.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s