Monthly Archives: november 2014

Bruer i Fron: Sundbrua

Sundbrua

RAGNAR ØVRELID:  Sundbrua ved Vinstra er den andre gamlebrua i Fron – saman med Harpebrua.

Ved sundet er anlagt en bro over Laugen-elv på almen bekostning, Sundbroen kallet, betår av 11 stenkar

skreiv presten Hiorthøy i 1781. Få år etter, i 1789, strauk Sundbrua med i Stor-Ofsen. Det skulle gå mest 80 år til det kom ei ny. Kommunen ville greie seg med sundinga så lenge som råd. Sundstaden i åra 1789-1867 låg litt lenger oppe i elva, der Bøygen camping er nå. Brua vart oppsett at 1865-67 under kyndig leiing av militære. I 1934 vart Sundbrua ombygd, slik ho står i dag og har blitt gangbru.

Arbeidet med den nye brua, litt lenger sør, starta sommaren 1985 og vart ferdig 1. oktober 1986.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Uncategorized

Fleire Sigmund Hernæs-måleri frå Skåbu

Her er ti nye Sigmund Hernæs-måleri frå bygdahuset i Skåbu:

elvenes

Elvenes – med almenningssaga på andre sida av Olstappen. Det var mest truleg Ola O. Megaarden som rydda her rundt 1890. Da heitte det Hågåøya. Ein finn han her både i 1891, 1900 og 1910. Han var fyrst gift med Goro Iversdotter nedre Skabo. Ho døydde i 1905 og han gifta seg oppatt med Ingeborg P. Slåen. I 1900 er Ola titulert som skogfut og i 1910 som skogvoktar og gardbrukar. I 1910 har det skifta namn til Elvenes. Da har dei borna Georg og Edmund. I 1911 fekk dei dottera Olga og Iver Teodor i 1916. Hågåøya er også nemnt som overnattingsstad i «Den Norske turistforenings årbok» i 1893. Da står det «Håkåøen». Seinare kom Ola Askheim (1895-1954) og kona Kristine (1893-1944). Dei fekk døtrene Gudrun, Åse og Olaug. Det er berre Olaug som framleis lever. Ho er ein ivrig bidragsytar på bloggen vår. Olaug er gift Aas og bur i Ås kommune i Akershus. Gudrun døydde av difteri, berre 19 år gammal. Ola Askheim kom frå Eidsvoll, og vart den fyrste styraren ved Elvenes dampsag og høvleri etter at den stod ferdig i 1923. Dei hadde også fjøs og nokre kyr. Han vart svært glad i bygda, og det er han som står bak ein av dei tre Skåbu-songane. Olaug meiner at måleriet syner bygningane etter at saga blei flytta til Nørdre Hølmyren i samband med kraftutbygginga i fyrste halvdel av 1950-talet. – Da låg diverre «mitt» Elvenes 6-8 m under vatn og var ei saga blott, seier ho.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Kunst og handverk

En gjestfri enke på Vik

«Kjøkkenet er rommelig og rent som et kapell». På Vik i Kvam i Nord-Fron var det skysskifte frå heilt attende på 1600-talet. Vik var ein sentral stasjon i dalen og er omtala av mange reisande. Det var stasjon her fram til 1860 da den vart flytta til Klevstad. Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

OLA MORKEN kommentar til De er ikke uhøflige på Oden: Det kan synes som om de offisielle skyss-stasjonene på 1800 tallet ikke var særlig turistvennlige i forhold til dagens overnattingssteder. Privat derimot kunne oppvartningen være kostelig, som her i Kvam. 14 år etter skildringen fra Oden, sommeren 1864, kom den  ungarske forfatter, skuespillerinne, og oversetter, Lilla Bulyovszky (1833-1909), til Kvam med et følge fra Ungarn og Polen. De var på vei ned Gudbrandsdalen etter en rundreise i Norge: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner

Kvamværen i kvardag og fest

kvambokaKjem du e haug…å kjøpe julegave? Laurdag 29.11. kjem i alle fall Kvamsboka Kjem du e haug? – den første boka frå Kvam historiske forening. På 120 sider kan du vandre gjennom Kvamsbygda i 120 år. I fotografi og tekst møter du Kvamværen i kvardag, på fest, i øynn, på fabrikka, på møllun, burti baksiun, uppi lænbakka og stort sett ælle andre stand, der det ha vore liv å røre i bygden. Stikk innom og kjøp boka. Vi har stand på Rudland/Kiwi og nordme baksiun på Lien besøksgard…nesten hæle dagen. NB! boka koster kr. 350,- og vi tek dessverre berre kontantar.

kvamsboka2b

Boka er ei bildebok med korte tekstar til kvart bilde. Det er 120 sider i boka og den er solid innbundet og trykt i høg kvalitet på liggande A4-format.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Måleria i bygdahuset i Skåbu

Møte på Skåbu bygdahus. Legg merke til alle måleria på veggane!

OLE CHRISTIAN RISDAL: Bygdahuset i Skåbu er 60 år i 2014. Det blir brukt i mange samanhengar.  På veggane kan ein sjå måleri av alle gardane i Skåbu, ei fantastisk gåve til bygdahuset frå Sigmund Hernæs. Her har Hernæs foreviga nesten alle gardsbruka og setrene i Skåbu og Tverrbygda. Hernæs var ein utruleg allsidig og produktiv mann. Som mange veit, var det som lærar at han kom til fjellbygda i 1932, og tente yrket i om lag 40 år. Ved sidan av lærargjerninga og målarkunsten hadde han også mange andre jern i ilden. Her kan ein nemne slektsgransking, veving, fele/notekurs og primus motor for både 4H og koraktivitet. Han og kona Nora vart viden kjent for vevinga si og fekk svært mykje å seie for Krogenæs-fabrikken. For ein del år sidan kom Håkon Sveen med fotografi av heile samlinga. Her finn du dei 11 fyrste måleria frå Sigmund Hernæs. Det kjem fleire etter kvart:  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

De er ikke uhøflige på Oden

odenW. M. WILLIAMS 1850: Utsikten fra vinduene her i Oden skyss-stasjon er storartet. Det er en god og stor stasjon, men litt forvirrende for en engelskmann, som har sine egne begreper om hoteller, for her er ingen ringeklokke, ingen oppvartere, ingen tjenere. Som de fleste andre stasjoner består den av flere bygninger. Spisesalen er i en bygning, kjøkkenet i en annen. Vil De ha mat eller drikke, går De over vegen og henter det. De kan banke i bordet så meget De lyster, men De har hele huset for Dem selv, og der er ingen som hører. Hvis noen av de innfødte hører det, reagerer de ikke, for de går ut fra at De morer Dem med å tromme deres yndlingsmelodi. Likevel er de hverken uhøflige eller uoppmerksomme. De går simpelthen ut fra at folk med armer og ben kan hjelpe seg selv, og de lar dem gjøre det. Les meir

Éin kommentar

Filed under Kommunikasjon

-Personlege opplevingar står i førarsetet

STÅR BAK BOKA: Redaksjonssekretær Gard Espeland og redaktørane Rasmus Stauri og Per Ottesen kosar seg stort med å samle historie frå Fronsbygdene. Nå er dei klare med ei ny bok. Foto: Kristin Veskje GD

Har du sikra deg Fronsbygdin 2014? Boka får mykje ros og kan bli utseld. -Personlege opplevingar står i førarsetet, og med eitt blir historia levande, skriv Dølen. Her er innhaldet:

 Kvams eigen eidsvollsmann av Arild Teigen: Berre to gudbrandsdølar møtte på Eidsvoll i 1814. Det var Anders Lysgård, født i Øyer, men busett på Biri. Og Paul Harildstad Aamodt, født i Heidal, men gardbrukar på Sjoa.

Kyrkjene vart brukt til vallokalogså i Fron av Rasmus Stauri: Sør-Fron kyrkje vart brukt til vallokal da det skulle veljast valmenn som skulle velje utsendingar til Eidsvoll.

Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken: På plassane under Dalsegg, på vestsida av Laugen ved Breivegsbrua på Sør-Fron, budde eit trettitals personar i 1865. I dag er fleire av dei små plassane borte. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Språk

Utukt på fjøset

Det var i fjøsa det gjekk føre seg

RAGNAR ØVRELID: Tenarane låg i fjøset. Det var skikken frå gammalt av i Fron. Sokneprest Schiøth meiner at det er ein skammeleg uskikk at bøndene lar «såvel drenge som piger» ligge i fjøsa. Dette fører til stor «lettferdighed». Jenter og gutar er knapt 15-16 år før dei ligg saman. Om nettene er fjøsa ofte fulle av tenestegutar som «løber fra en gård til en anden efter pigene.» Det same skjer på sætrene, «hvor de om natten har leilighed til å ligge med hinanden.» Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk

Tigging i Fron

tigging

«Gårdbrukerne er nå så harde at de ikke vil la folk leve.»

RAGNAR ØVRELID: Dei ung gfita seg utan å kunne noko arbeid, dei hadde ikkje samla seg pengar eller klede, og etter eit halvt års ekteskap måtte dei ut og tigge, sidan stele. Foreldrelause barn streifa tiggande omkring. Fattigkommisjonen kritiserte gardbrukarane for å mangle omsorg for gamle arbeidsfolk. Dei bruker dei gamle i onnene og slepper dei så utpå bygda igjen

for å ta ved tiggeri, tyveri og bedrageri deres føde, liksom man slipper hesten ut etter pløying for å søke næring.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

-Historia blir levande

FBplakatFronsbygdin 2014 maktar på ein heilt annan måte også å fengje ein yngre generasjon av lesarar enn det som sume gonger har vore tilfelle, skriv redaktør Bjørn Sletten i Dølen. Årsaka er at fleire av artiklane denne gongen strekkjer seg i tid fram til våre eigne dagar. Personlege opplevingar står i førarsetet, og med eitt blir historia levande.

Olav Bratlands artikkel om sine 41 år som tilsett ved Vinstra vidaregåande skule er kanskje den viktigaste artikkel som er skrivi i eit lokalhistorisk verk dei siste åra, og alle som vil prøve å forstå konfliktane og utfordringane rundt den vidaregåande skulen vår, bør ta seg tid til å lese artikkelen hans. Likeeins er Sigrun Slapgards artikkel om polferder i eit barndomslandskap i Ruste eit kroneksempel på at historisk stoff ikkje treng vera tørt og kjedeleg.

Bjørn Sletten skriv vidare at det er gjort eit svært grundig tekstleg arbeid: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Språk