Monthly Archives: oktober 2014

Namn i Fron: Frya

BRIT NILSEN: Elva Frya renn frå Furusjøen på Kvamsfjellet og ned i Laugen ved grenda Frya lengst sør i Sør-Fron. Det er altså ei elv som har gitt namnet til grenda, noko som er svært vanleg. Forskarane har ulike syn på kva dette namnet betyr. Indrebø meiner at både elva og vatnet har namn etter treslaget furu, som det enno er mykje av rundt Furusjøen. Det avleidde elvenamnet har vore Furhión, som kunne gi gamalnorsk Frýa og moderne norsk Frya. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Du kan vinne Fronsbygdin 2014!

bibliotekarfb

Mette Hattestad på Nord-Fron bibliotek med ein god stabel Fronsbygdin 2014. Du kan sikre deg ei bok på lanseringa torsdag 30.10.

-Frøningane held oppe framifrå årbok-kvalitet. Det er imponerande kva årbokredaktørane får fram av stoff. Skreiv GD i fjor. Fronsbygdin 2014, er klar og blir presentert på eit ope møte på Vinstra vidaregåande skule torsdag 30. oktober, skriv Dølen. Redaksjonen lovar 24 større og mindre artiklar frå alle kantar av bygdene. På møtet blir det musikk med elevar ved VVS, det blir quiz med 20 spørsmål frå Fronsbygdin 2013 og Fronsbygdin 2014 i premie, lektor Olav Bratland fortel om si tid ved VVS sidan 1972, Carl Henrik Grøndahl presenterer dei fire søylane under historieskrivinga i Fron og spør kva no? Og vinnarane i historielagets videokonkurranse blir kåra. Enkel servering og fri tilgang. På VVS tordag 30. oktober kl 19. 


Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Brenne eller bevare?

Ta vare på historia!

Ta vare på historia!

Når du ryddar i loft og kjeller – kva for papir skal du ta vare på for ettertida? I eit stort oppslag i Dølen seier arkivleiar Marit Hosar ved Opplandsarkivet at

sjølv om mykje kan virke privat, kan det også fortelje oss noko viktig om lokalhistoria, og den er det viktig å ta vare på. Anten det er dagbøker, brev, møteprotokollar eller hushaldningsrekneskap, slike ting kan seie oss noko om korleis livet var før, og det vil gje eit betre bilde av bygdehistoria.

Møt i Gammelbanken på Vinstra onsdag 29. oktober kl 1930. Der får du råd om kva du skal ta vare på. Fron kvinneforum arrangerer med lett servering og loddsal.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Dei siste åtte teikningane frå Skåbu skule

bull4

No er heile heftet publisert, og dermed er også namna på alle elevane  gjort kjent.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Halvdan Krag – ein mangslungen kar

havdankrag

Les historia om Halvdan Krag i Fronsbygdin 2014

Mange vaksne frøningar hugsar Halvdan Krag, som levde mellom 1901 og 1976. Han bygde båtar, han teikna og produserte prefabrikerte hus. Han var ein mann med humor, sjølvironi og rike poetiske evner. Han var hundre prosent frøning, men etternamnet fortel om utabygds opphav. Fornamnet, Halvdan, er ikkje uvanleg i Fron, men tyder eigentleg halvt dansk, og det var nettopp det Halvdan var. Faren var Johannes Krag, født i Danmark i 1874. Mora var Marie Hansdatter Sveipe, født 1868. Truleg var ikkje familien til Marie berre begeistra for at ho braut ut av det tradisjonelle mønsteret for val av ektefelle – ein yngre utlending utan fast eigedom i dei svært så nasjonale 1890-åra. Les historia om Halvdan Krag, skriven av Hans Odenrud, i Fronsbygdin 2014. Blir sleppt på VVS torsdag 30.10. kl 19.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Enda fleire!

bull3

Kommenter innlegget

by | 24. oktober 2014 · 09:00

Fleire teikningar frå Skåbu

bull2

Kommenter innlegget

by | 23. oktober 2014 · 09:00