Heile 90 personar var til stades da leiar i Fron historielag, Anders Hage, ønskte velkommen til lanseringa av Fronsbygdin 2014. Vi kjem tilbake med video frå kulturkvelden.
Daily Archives: 30. oktober 2014
Videovinnarane
Charlotte Skar vant førsteprisen på kr 5000 i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video for forteljinga: Øvre og Nedre Skar. Andreprisen vart delt mellom Ivar Østby for Bestemors Heinkel og Tove Østby for Seterlivet – en verdifull skatt – med 2500 kr til kvar. Videoane blir presenterte her på heimesida med grunngjevinga til juryen, som besto av Ole Chr. Risdal, Carl Henrik Grøndahl og Vemund Hagen.
Filed under Informasjon
Bli med på ein triveleg kveld i kveld!
I kveld kl 1900 er du velkommen til ein innhaldsrik kulturkveld på Vinstra vidaregåande skule, når Fron historielag inviterer til lansering av årboka Fronsbygdin 2014. Og mykje anna. Dette er programmet:
Vel møtt! Leiar i Fron historielag, Anders Hage
Musikk ved elevar på VVS
Vi minnest Arnfinn Engen og Kristian Hosar, v/Rasmus Stauri
Presentasjon av Fronsbygdin 2014 v/Gard Espeland
Mi tid på Vinstra vidaregåande skule v/Olav Bratland
Dei fire søylane under historieskrivinga i Fron – og kva nå? v/Carl Henrik Grøndahl
Kaffi og biteti med quiz frå Fronsbygdin 2013 v/Rasmus Stauri. Premie: Fronsbygdin 2014
Vi presenterer vinnarane av videokonkurransen v/ Ole Chr. Risdal, Carl Henrik Grøndahl og Vemund Hagen
Boksal
Fri inngang. Vel møtt.
Filed under Informasjon