Namn i Fron: Frya

BRIT NILSEN: Elva Frya renn frå Furusjøen på Kvamsfjellet og ned i Laugen ved grenda Frya lengst sør i Sør-Fron. Det er altså ei elv som har gitt namnet til grenda, noko som er svært vanleg. Forskarane har ulike syn på kva dette namnet betyr. Indrebø meiner at både elva og vatnet har namn etter treslaget furu, som det enno er mykje av rundt Furusjøen. Det avleidde elvenamnet har vore Furhión, som kunne gi gamalnorsk Frýa og moderne norsk Frya.

Indrebø meiner også det kan vere eit samband med namna på gardane Forrestad og Forr, som ligg nær elva, og at elvenamnete nede i bygda var For, medan elva inne i fjellet heitte Frya.

Seip har ei anna tolkning av namnet. Han meiner det kjem av gamanorsk Frydja, avleidd av ordet frodr-frudr, med tydinga «den skummande», og han set dette saman med tolkninga si av namnet Fron. Namnet Furusjøen tolkar han som opphavleg Frusjøen til ordet Frud med tydinga «skum».

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s