Daily Archives: 19. oktober 2014

Torv!

lokomobil1

Lokomobilen låg i mange tiår nedgrave i Nysetermyra samen med restane av torvfabrikken. Det er ein Marshall&Son dampmaskin på 10hk, som nå er til restaurering hos Terje Dokknes på Murudalen.

HANS PETTER KLEIVEN: Torva kom til heder og verdigheit att som energikjelde i Fron på 1900-talet. Utstyret dei brukte:  Lokomobil: ei dampmaskine som vart fyra med feitved og anna som dei fann i myra. Elevator: eit samleband på ei treramme med kjettingdrift, laga av Mathias Skar. Den frakta torva frå grøfta og opp i blandekummen. Elevatoren vart dreven av dampmaskina. Blandekummen: ein ca to kubikkmeter stor jarntrommel, laga av Mathias Skar. Inni her dreiv lokomobilen nokre roterande knivar, som kutta og blanda torva og vatnet til ein passeleg velling. Gjennom ei kran tappa dei trillebårene fulle med masse frå blandekummen og trilla bårene på utlagde plankar til flate, høvelege plassar på myra. Formene: nokre trerammer på ca 1×1 meter, ca 10-15 centimeter høge, ruta opp i mursteinstore rom. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder