Har presten råd for desse uksgærne kvigun?

dyrlege1MAGNAR SLETTEN: Eg fekk kjenne kor hard ei kuklauv kan vera, når ein får ho midt i skallen. Eg gjekk rett ned i skantilen og sov godt ei stund, men kom meg opp att og kunne halde fram bortigjennom bygda. Nå vil eg fortelja litt frå dyrlegepraksisen min. Det er så mykje ein kjem borti både av artige og mindre artige episoder i løpet av åra som praktiserande dyrlege på landsbygda. Mest artige, vil eg tru, Av hendingar som ikkje er så koselege å tenke attende på, er alle dei gongane eg har vorte beden om å avlive ein hund som etter kvart har vorte ekte familiemedlem. Alt før eg var ferdig på Norges veterinærhøskole i Oslo, hadde eg siste halvåret nattevakt. Der fekk eg seint ein kveld besøk av ei eldre dame, som kom og ville få avliva den svært gamle og livstrøtte hunden sin. Ho hadde det så vondt at ho bad om å bli innestengt på eit rom for seg sjølv, mens eg utførte avlivinga. Etterpå ville ho ikkje sleppe taket i hunden og bad om å få vera saman med dyret om natta. Resultatet vart at ho låg på golvet og heldt tak i hunden og gret og greit heilt til eg gjekk av vakta morgonen etter.

Etter at eg var ferdig på Norges veterinærhøskole i Oslo til jul 1964, fekk eg arbeid i Melhus i sør-Trøndelag. Her hadde eg harde og krevjande dager og netter i eit svært aktivt og sterkt husdyrdistrikt. Blant anna hadde eg praksisen i ei grend som heiter Hølonda. Og nå hadde eg tenkt at eg skulle nemne nokre av dei artige episodane frå denne grenda, der blant andre Magnar Estenstad (ein av dei beste langrennstjernene vi har hatt i Norge gjennom tidene, Toralf Engan og ikkje minst Oddvar Brå budde.

Frå garden heime hos Oddvar Brå har eg også eit godt minne. Han var alt da ein svært så lovande unggut som vann og vann alle dei konkurransane han deltok i. Ein dag han var på skulen, skulle far hans og eg operere eit lam som Oddvar åtte, for bukbrokk. Operasjonen vart utførd på kjøkkengolvet, og lammet vart etterpå lagt på ein strisekk under vedomnen på kjøkkenet. Og der kjem Oddvar gjennom døra frå skulen og ropar ut: «Korleis står det til med lammet mitt?» Gleda var stor da lammet lyfta på hovudet og såg på han.

Eg likte meg knakande godt i Trøndelag, bortsett frå vêret. Det var eit kapitel for seg. Eg køyrde med kjettingar på bilen heile vinteren.

Så fekk eg spørsmål om eg ville koma til Vågå, og det vart til at eg flytta på meg. Der vart eg i fire år og flytta så lenger nedover dalen til Sør-Fron, da dyrlegen der reiste nordover til Dombås. I Vågå hadde eg og seinare vi (Ingeborg) ei fin tid og mange morosame opplevingar etter kvart i denne trivelege bygda. Noko av det fyrste eg kjem i hug, var at eg vart oppringt av ein gamal gubbe. Han haadde ein sjuk gris. Eg hadde diagnosen klar da eg såg grisen, den hadde raudsjuke. Da fekk eg spørsmål om vi måtte binde fast grisen i nakken med taug før nålestikket. Dermed spratt eg over bingen og stakk grisen i nakken, og gubben utafor skjøna ingen ting, der han stod med tauget og store augo.

Eg må også fortelja kva som hende meg ein av dei fyrste dagane eg var i Vågå: Som vi alle hugsar, var det den tida manuell telefonsentral, og dei som sat der, var gode å ha. Dei kunne også hitte på mykje rart. Ein dag ringde ein original gardbrukar og skulle ha tak i Sletten. Sentralborddama plugga inn, og der sa det: «Vær så god.» Gardbrukaren tok til orde som så: «God dag, dette er han…  Jasså, du er alt oppe. Du rasa vel oppe både dag og natt du, men du har vel ei råd for desse uksgærne (brunstige) kvigun mine borti desse gamle fjosholé mine, au du.?» Etterpå kunne dei på sentralen fortelje at dei hadde plugga inn samtalen til presten i bygda, da han også bar namnet Sletten. Svaret gardbrukaren fekk, høyrde eg ikkje noko om, men historia gjekk over bygda i racerfart.

Eg arbeidde med distriktsdyrlegen i Vågå, og vi hadde det heilt supert saman. Men vi hadde meir enn nok å gjera, da vi hadde med både Sel og Heidal. Ein kunne derfor ikkje bli for lenge på kvar plass, og særleg dersom ein måtte til Heidal tre gonger samme dag. Ein gong vart eg beden påå middag hos to eldre folk i Heidal, og da måtte eg sitja ved eine enden av bordet og eta kjøttkaker. Sjølve sat dei ved andre enden og åt kål.

Nattpraksisen var det som tok på mest, og særleg om vinteren med ubrøytte og tette vegar. Ein kald vinterkveld måtte eg reise til Heidal til ei ku med kalvingsproblem. Eg reiste om Lemonsjøen, og der kjøyrde eg meg fast i ei stor snøfonn. Eg måtte da gå til Lemonsjø Fjellstue i snøstrom og fekk ringt etter brøytebil. Langt utpå natta kom eg fram til garden og trefte to guttungar, som låg og sov. Dei var åleine heime og visste ikkje om at det var spurlag etter dyrlege. Så var det berre å kjøre attende til Vågåmo ganske frustrert. Det viste seg at gutane dreiv med telefonterror og ville narre meg.

dyrlege2 1Etter fire år vart det så at eg skulle flytte på meg. Kona og eg sette som krav at sør-frøningane måtte skaffe oss tomt, så skulle vi tenkje på det. Vi likte oss svært godt der vi var og hadde alt skaffa oss tomt der.

Så var det berre å setja i gang og hoppe etter Wirkola. Eg fann fort ut at dette gjekk fint, og eg arbeidde utan ordna fritid natt og dag i såpass mange år at eg vart glad den dagen vi vart fleire om praksisen.

Kona og eg opplevde mykje artig i dei trettitre åra vi heldt på med dyrlegearbeid i Fron. Men fysikken var på ingen måte så robust som hos forgjengaren min, og det fekk eg merke på skuldrene og ryggen etter kvart. Og så måtte eg hoppe av karusellen og starte med dokterbesøk både titt og ofte og med operasjonar i fleng.

Eg kom ein dag til eit fjøs der gardbrukaren hadde ringt om ei ku som nettopp hadde kalva, og der heile livmora hadde vorte trykt ut og låg bak kua i møkka i skantilen. Eit koseleg og svært hardt arbeid å få på plass att! Eg starta opp og arbeidde så svetten rann. Og så plutseleg fekk eg sjå at eigaren låg med hovudet nedpå kua og hadde besvimt. Kva skulle eg gjerne? Jau, eg måtte berre avslutte å trykke inn livmora og ta meg av karen. Eg tok da tak i føtene hans og drog han inn på forbrettet, så hovudet kom lågare. Så var det berre å vente til han vakna og setja i gang att. I slike tilfealle kunne ein kanskje tenkje på om ein hadde valt rett yrke her i livet. Men eg har ikkje angra ein dag.

Eg har også opplevd at hesten er eit klokt dyr. Ein gong kunne eg konstatere at ein hest rett og slett bad om hjelp da han på beite hadde fått ein stiv grankvist i lysken og ikkje kunne flytte på seg. Eg kunne høyre da eg kom,  stod hesten opg humra og prøvde å fortelja meg at han bad om hjelp. Hesten stod heilt roleg mens eg tok ut den lange kvisten, ogseinare når eg var der og reinska såret, sjølv kor smertefullt det måtte vera. Eg er heilt sikker på at eg såg tårene trilla ev hesten.

Det var ikkje så mykje en kunne drive på med utanom dyrlegearbeidet, men litt anna unnte eg meg. Der må eg vel nemne at janitsjarmusikken låg og ligg mitt hjarte nær, og eg har nå hangla med i musikklaget i 50 år. Elles har eg alltid hatt glede av å vera med i styret i idrettslaget i mange år. Kan heller ikke unnlate å ta med at eg likar meg godt i fjellet både sumar og vinter. Med åra har det vorte mange fine fiske- og jaktturar.

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s