Namn i Fron: Husmannsplassane

grindbakken

Grindhaugen. Bilde henta frå skriubakken.com

RAGNAR ØVRELID: Kvar fekk husmennene rydde? Namna på plassane kan seie oss litt om det: Lykkja tyder inngjerda jordstykke, slåtteland i nærleiken av garden, som Forrløkken, Sandbuløkken, Engumslykkja. Det same tyder namn med eng, voll, træ. Haugen ligg lenger unna garden, som Graupshaugen, Grossberghaugen. Lia er rydda i utmark: Rolstadlia, Klefstadlia. Bakken ligg også i utmark: Myrumsbakken, Jensbakken. Dalen ligg i utmark: Øldalen, Djupdalen.

Lengst ute i utmarka ligg plassar med namn som seier noko om tungvinte forhold: Baklia, Urda, Skriubakken, Brattåket. Om ein slik plass, Slette under gamle Sandbu i Nordre Kvam, skriv folketeljarane i 1865:

Nogen bedre opplysning om denne plads kan ikke gives, da der er forbundet med livsfare at komme til stedet på dette føre (i desember).

Der budde mann, kone, to døtrer på 12 og 8 år og to søner på 6 og 2 år. Dei hadde 9 kyr, 4 sauer og 9 geiter.

Eit anna namn på ein husmannsplass i 1711 under Isum: Hungerlien.

Plassen kunne ha namn ette rryddningsmåten: Brenna, Svea. Slike plassar som er rydda med brenning i utmark, kan ofte vera gamle.

Plassen kan ha namn etter dei som rydda: Martinsheimen, Ivastugu, Gurilykkja. Eller plassen kan vera kalla opp ette yrket til dei som budde der: Glassmestermoen, Tamburstuen, Skraddarlia, Salmakarstugu, Spilmannsheimen.

Mange husmannsplassar har nedsettande eller ironiske namn, som fortel om trange livsvilkår: Knipen, Pina, Reiret.

Mange av plassane vart rydda langt frå garden. Ikkje berre høgt opp mot fjellet. Men også på andre sida av dal og elv. I Sør-Fron hadde t.d. Rysland plassar i Baklia. Kviknegardane hadde plasar på baksida av dalen. Det same finn vi i Skåbu. I Kvam ligg plassane Røssumlia og Veikleenget på baksida. Det kunne bli lange vegar å

gå for husmennene når arbidsplikta skulle utførast,  enda mange av dei gjorde pliktarbeidet sitt på jordstykke i baklia, nær ved plassane, eller på heimsætrane til garden.

Éin kommentar

Filed under Språk

One response to “Namn i Fron: Husmannsplassane

  1. Odd Jan Skriubakken

    Bildet syner Grindhaugen, ikkje Grindbakken. Eg tar gjerne i mot synspunkt på kva namnet tyder.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s