RAGNAR ØVRELID: Kvar fekk husmennene rydde? Namna på plassane kan seie oss litt om det: Lykkja tyder inngjerda jordstykke, slåtteland i nærleiken av garden, som Forrløkken, Sandbuløkken, Engumslykkja. Det same tyder namn med eng, voll, træ. Haugen ligg lenger unna garden, som Graupshaugen, Grossberghaugen. Lia er rydda i utmark: Rolstadlia, Klefstadlia. Bakken ligg også i utmark: Myrumsbakken, Jensbakken. Dalen ligg i utmark: Øldalen, Djupdalen. Les meir
Daily Archives: 9. oktober 2014
Kua kom laus støtt
KAARE HAGEN: Det var borti Graslia, der er setra til Hov. Dei hadde bygd nytt fjos, og der var det ein bås det ikkje fanst råd å få kua til å stå bunde. Ho kom laus støtt, anten det var natt eller dag dei batt ho. Men så kom brukaren oppå der og sa: «È ska binde ho é, så ho ska itte kåmå laus att denne gongen!» Og så batt han att bandet og brukte ståltråd attåt. Med det same han hadde snudd seg og skulle gå ut gjennom døra, så datt bandet heilt ned att. Men da flytta han fjoset, og sidan vart det stilt.
Fortald til ungdomsskuleelevar sist på 1970-talet. Frå Fronsbygdin 2005
Filed under Folketru