Anne Heimlaus

Først etter 1900 ble det forbudt ved lov å bortauksjonere fattige. I 1903 ble det bestemt at all fattighjelp i Sør-Fron skulle ytes i penger. Det kostet kommunen kr 13.000, en tredjedel av hele kommunebudsjettet. Snart opprettet kommunen fattighjem, det som seinere ble gamlehjem. Sør-Fron kjøpte Grov til fattiggard i 1903.

Kvifor er vi så heldige at vi ikkje vart sette inn i verda for 200 år sidan? I 1867 skriv fattigkommisjonen i Oppdal til Fron at Anne Pedersdatter Olstad Skjefteskogen frå Kvikne nå er komen «i aldeles hjelpeløs tilstand til Opdal og bønfalder mot den hårde vinter om hjelp og forsorg.» Ho var da 76 år. Ho hadde dratt nordover med «sin uægte søn» i 1831, 40 år gammal. Dei to var eit par år i Romsdalen, dei var i Trondheim, kom så til Melhus, Oppdal og deromkring. Anne var aldri lenger enn to år på kvar stad. Ho ville ikkje misse heimstadretten sin i Fron og vandra rundt på denne måten i 36 år under namnet Anne Heimlaus.

Sonen hadde slått seg ned på Bud på Nordmøre som skreddar, men var så «svag af helbred og i så ringe kår» at ho ikkje kunne rekne med noko hjelp frå han.

I Oppdal vart ho sett bort til ein gardbrukar for 1 spd 60p sk per månad, som Opdal bad Fron om å betale tilbake. Dei måtte kjøpe klede til henne. Gardbrukaren som hadde henne i opphald, nekta å behalde henne lenger enn til nyttår 1867-68 om han ikkje fekk høgre godgjersle.

Enden på det omflakkande tilværet til Anne vart at fattigkommisjonen i Fron henta henne heim til Kvikne i 1868, der ho var på legd sine siste år, til ho døde, truleg i 1874, 83 år gammal.

Anne Heimlaus var ikkje noko særsyn. Skal vi døme etter fattigprotokollane, var det mange som delte lagnaden hennar, skriv Ragnar Øvrelid i Historia om Fron, bind 1.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s