«Militært Vei-cart over Det Oplanske Infanterie-Regiments 2den Nationale Batalion, Det Qvambske Compagnie Destrect. Cartet er som befalet tegnet efter Øÿe-Maal Aaret 1805 af P L Stiboldt. Compagniets heele Længde i alt 6 mil 5625 alen». Den som er interessert i gamle kart og gamle namn, skal ta ein tur til Kartverkets historiske kart. Her er det mykje gildt. Les meir
Daily Archives: 5. oktober 2014
Namn i Fron: Bredeveien
BRIT NILSEN: Bredeveien, som skrivemåten er, er namnet på eit bruk og på eit område som ligg rundt Fron Ysteri. Ei tid var det også namnet på eit postopneri og ein stoppestad for jernbanen. Opphavleg har dette området vore utmark for gardane i nærleiken. I 1712 vart det halde eit skifte, der gardane Oden, Brandrud, Stokke og Listadgardane delte denne utmarka mellom seg. Ikkje lenge etter den tid kom den første busetnaden. Namnet «Breivegen» har nok si forklaring i at her har det vore stor ferdsel over isen på Laugen vinterstid. Gardane i Ryslandgrenda åtte heile søre delen av Skodal, og mange av gardane på austsida av Laugen hadde setrene side på vestkjølen, så isvegen vinterstid vart ei viktig ferdselsåre.
Filed under Språk