Og mannen skratta te kjeften sprakk

Ho vil drepa meg! Foto: Statsskog

Ein mann kjem ut for ei skræmande diger kråke. Han skyt kråka og nyttar skrotten til fulle. Kråkevisa, også kalla Mannen og kråka, Bonden og kråka eller Den store kråka er ei folkevise av typen medelalderballade. Visa er også kjend i Danmark, Sverige og på Færøyene. I Norge er ho ei av de mest utbreidde folkevisene. Norsk visearkiv har registrert nesten hundre tekstvariantar og over 75 melodiar. Landstad har trykt to ganske korte variantar i Norske Folkeviser frå 1853. Den eldste kjende varianten finst i eit dansk skillingstrykk frå 1600-tallet.  (frå Wikipedia)  Ivar Kleiven har skrive ned Kråkevisa slik ho er kjend frå Fron:

Kråkvisa

Og mannen han reiste åt beitan-skog
så va dæ så le, så langt tå leie,
der fekk’n høre kråka gol
så va det så le, så langt tå lei».

Og mannen gjekk heimatt og klågå se:
så va dæ så le, osb…
eg meine storkråka fæ» drepa meg!
så va dæ så le,osb…

Å kjære min mann tålå itte skam;
har du hørt kråka har drepe nå’n mann?

Og mannen han sennte bo» te by
og kjøpte se ein stålbågå ny.

Og mannen han la bågån på’n kvist;
det fyrste skote skaut han imist.

Og mannen la bågån på ein stein
og skaut storkråka i bringebein.

Og mannen la bågån på sitt kne
og skaut storkråka så ho datt ne».

Og bågån sprakk og kråka datt
og mannen skratta te kjeften sprakk.

Og mannen sette-for hestan seks,
men fekk inte enda storkråka vekk.

Og mannen sette for hestan tolv
og kjørde storkråka på kjørkjegolv.

Tå hugue gjor» døm kjørkjeknapp,
tå nebba gjor» døm tynnetapp.

Tå tarmom gjor» døm sju slag reip,
tå kløom gjor» døm møkjagreip.

Tå vengom tekte døm alle sine tak
så va dæ så le, så langt tå lei’e,
og døm vart tett, som svarvafat,
så va dæ så le, så langt tå lei.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s