Tamrein i Fronsfjella

Dei hadde ikkje anna att for strevet enn tap. Bilde: dyrevern.no

IVAR KLEIVEN: I 1840 eller deromkring vart det freista med å halde tamrein på Fron. Det var nokre som slo seg i lag og kjøpte ei drift av Rørosfinnane, men det gjekk ikkje rart med desse tiltaka, kva det nå kunne vera som var skulda. Ulven var stygg her i dalen denne tida, og han tok nok hardt på drifta, som ein kan tenkje seg, når han på ein somar reiv ihel ikkje mindre enn 17 naut på Sødorpkjølen.

Men så er det helst truleg at gjetinga ikkje dugde, for dei hadde ikkje finn til gjetar. Det var ein gamalvore frøning, n» Gamel Ola Larsstugun. og han var nok ikkje skikka til reinsgjetar. Reinslaget vart oppløyst. og dei hadde nok ikkje anna att for strevet enn tap.

Villrein var det noko av framover til 1870 og noko seinare. Hemdalshøa, Sikkilsdalshøa og Åkkerkampen har nå all sin dag vore av dei beste reinsvonom, og her slong det einkvan hopen langt fram i tida. Men nå ser det ut til å vera tomt i alle fjell.

2 kommentarar

Filed under Jakt og fiske

2 responses to “Tamrein i Fronsfjella

  1. Dette var nytt for meg. På kva side av dalen var det dei freista rundt 1840? I Heimdalshøa, Sikkilsdalshøa og deromkring kan ein framleis treffe på rein frå Vågå tamrein AS

  2. CHG

    Ulven reiv ihel 17 rein på Sødorp-kjølen, skriv Ivar Kleiven. Vi får tru det var på austsida av dalen. Og dette sleit de vel ikke med: Radioaktivitet. http://www.vg.no/forbruker/helse/mye-radioaktivitet-i-naturen-i-aar/a/23308370/

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s