Monthly Archives: oktober 2014

GD: Klar med Fronsbygdin

STÅR BAK BOKA: Redaksjonssekretær Gard Espeland og redaktørene Rasmus Stauri og Per Ottesen koser seg stort med å samle historie fra Fronsbygdene. Nå er de klar med ei ny bok. Foto: Kristin Veskje Foto: Kristin Veskje, GD

Boka er klar. Den 11. Frondbygdin-boka i rekken. Redaksjonssekretær Gard Espeland og redaktørene Rasmus Stauri og Per Ottesen blar i den rykende ferske boka. De er fornøyd med resultatet, skriver GD.

3 kommentarar

Filed under Kunst og handverk, Språk

Bratland og Odenrud

Historiene om ein skule og om ein mann. Sjå Gard Espeland fortelje om Olav Bratlands artikkel om Vinstra vidaregåande skule og Hans Odenruds forteljing om ein mann med ein latter som skremde ungar. Den tredje av i alt seks videoar om innhaldet i Fronsbygdin 2014.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Megaarden, Espeland og Grytting

Fleire gode grunnar til å kjøpe Fronsbygdin 2014. Her kan du sjå Gard Espeland fortelje om Gamle segn og soger frå Skåbu  av Georg Megaarden,  Da det vart sleppt yngel i Fossåa av Gard Espeland og Innmarksnamn på Tåkåstadgardane av Sigurd Grytting. Og det kjem meir frå kulturkvelden på VVS torsdag 30.10.

 

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jakt og fiske, Språk

Skriubakken og Fevolden

Bli med inn i Fronsbygdin 2014 og følg Gard Espeland. Her fortel han om to artiklar: Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken og Omgangsskulelæraren i Langli’n av Tore Fevolden. Det kjem fleire smakebitar.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

Fullt hus og godt sal

ah

Heile 90 personar var til stades da leiar i Fron historielag, Anders Hage, ønskte velkommen til lanseringa av Fronsbygdin 2014. Vi kjem tilbake med video frå kulturkvelden.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Videovinnarane

videovinnere

Førsteprisvinnar Charlotte Skar flankert av dei to som delte 2. prisen: Tove Østby og Ivar Østby

Charlotte Skar vant førsteprisen på kr 5000 i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video for forteljinga: Øvre og Nedre Skar. Andreprisen vart delt mellom Ivar Østby for Bestemors Heinkel og Tove Østby for Seterlivet – en verdifull skatt – med 2500 kr til kvar. Videoane blir presenterte her på heimesida med grunngjevinga til juryen, som besto av Ole Chr. Risdal, Carl Henrik Grøndahl og Vemund Hagen.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Bli med på ein triveleg kveld i kveld!

FB14plakatpreziI kveld kl 1900 er du velkommen til ein innhaldsrik kulturkveld på Vinstra vidaregåande skule, når Fron historielag inviterer til lansering av årboka Fronsbygdin 2014.  Og mykje anna. Dette er programmet:

Vel møtt! Leiar i Fron historielag, Anders Hage
Musikk ved elevar på VVS
Vi minnest Arnfinn Engen og Kristian Hosar, v/Rasmus Stauri
Presentasjon av Fronsbygdin 2014 v/Gard Espeland
Mi tid på Vinstra vidaregåande skule  v/Olav Bratland
Dei fire søylane under historieskrivinga i Fron – og kva nå? v/Carl Henrik Grøndahl
Kaffi og biteti med quiz frå Fronsbygdin 2013 v/Rasmus Stauri. Premie: Fronsbygdin 2014
Vi presenterer vinnarane av videokonkurransen v/ Ole Chr. Risdal, Carl Henrik Grøndahl og Vemund Hagen
Boksal

Fri inngang. Vel møtt.

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Du kan vinne Fronsbygdin 2014!

bibliotekarfb

Mette Hattestad på Nord-Fron bibliotek med ein god stabel Fronsbygdin 2014. Du kan sikre deg ei bok på lanseringa torsdag 30.10.

-Frøningane held oppe framifrå årbok-kvalitet. Det er imponerande kva årbokredaktørane får fram av stoff. Skreiv GD i fjor. Fronsbygdin 2014, er klar og blir presentert på eit ope møte på Vinstra vidaregåande skule torsdag 30. oktober, skriv Dølen. Redaksjonen lovar 24 større og mindre artiklar frå alle kantar av bygdene. På møtet blir det musikk med elevar ved VVS, det blir quiz med 20 spørsmål frå Fronsbygdin 2013 og Fronsbygdin 2014 i premie, lektor Olav Bratland fortel om si tid ved VVS sidan 1972, Carl Henrik Grøndahl presenterer dei fire søylane under historieskrivinga i Fron og spør kva no? Og vinnarane i historielagets videokonkurranse blir kåra. Enkel servering og fri tilgang. På VVS tordag 30. oktober kl 19. 


Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Brenne eller bevare?

Ta vare på historia!

Ta vare på historia!

Når du ryddar i loft og kjeller – kva for papir skal du ta vare på for ettertida? I eit stort oppslag i Dølen seier arkivleiar Marit Hosar ved Opplandsarkivet at

sjølv om mykje kan virke privat, kan det også fortelje oss noko viktig om lokalhistoria, og den er det viktig å ta vare på. Anten det er dagbøker, brev, møteprotokollar eller hushaldningsrekneskap, slike ting kan seie oss noko om korleis livet var før, og det vil gje eit betre bilde av bygdehistoria.

Møt i Gammelbanken på Vinstra onsdag 29. oktober kl 1930. Der får du råd om kva du skal ta vare på. Fron kvinneforum arrangerer med lett servering og loddsal.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Dei siste åtte teikningane frå Skåbu skule

bull4

No er heile heftet publisert, og dermed er også namna på alle elevane  gjort kjent.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk