Monthly Archives: september 2014

Eliten i Fron

Storbøndene bygde seg staseleg kyrkje i Fron , men bygger ikke lenger vegar.  Foto: nrk.no

RAGNAR ØVRELID: Eit bondearistokrati utvikla seg i bygda i førstninga av 1700-åra, både økonomisk og sosialt. Særleg sør i hovudsoknet vart det mange storgardar. Men vi kan også spore den same typen av elitedanning i Sødorp, kring dei gamle gardane i Ruste, i Kvikne og på solsida i Kvam. Oppsitjarane på dei store gardane vart toneangivande. Rikdom på avling, husdyr og pengar gav dei ei trygg kjensle av å stå på toppen av bygdesamfunnet. Og dei hadde også ein lang tradisjon å stå på. Dei kom gjerne frå gardar som var store og mektige heilt tilbake til mellomalderen. Dei står å lese om hos Snorre. Tradisjonane gav dei høg status. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk

Fronsbøndene slo hardt til

Jensbakken\Gjota fotografert frå området Galgehaugen sør-aust for elva Augla. Den mest kjende avrettinga her er frå 1695, da Marte Bø, sonen Torger Torgersson Bø og Anders Lunde vart avretta etter Huskelimordet. Dei var frå Ruste i Nord-Fron.

RAGNAR ØVRELID: I 736 stod Jens Hansen Bråten for retten på Kjorstad tingstue. Han hadde stole ein hest. Med denne hadde han ridd omkring i grannebygdene og fått med seg ei gryte, noko mjøl og ein del pengar. Sidan hadde han ein gong rømt frå fengselet. Lagrettemennene, skikkelege bønder frå Sylte, Grosberg, Opsal, Lo og Tårud dømde Jens

til galgen at miste sit liv, til velfortjent straf, og andre til afsky og eksempel.

Ei lov frå 1690 gav faktisk adgang til å bruke dødsstraff ved gjentatte tjuveri. Og fronsbøndene fann vel ut at dei ville slå hardt til for å statuere eit eksempel i dei oppløyste tidene i bygda, som nå fløymde over av tiggarar og andre lause og halvkriminelle eksistensar. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Namn i Fron: Gardsnamn

Bilde fra Ole's blog

Gardsnamna kan fortelje oss ein heil del om korleis bygdene vart rydda og busette. Klikk på bildet for å få det større. Bilde frå Ole’s blog

RAGNAR ØVRELID: Historikarane reknar med at dei eldste gardane er dei som har usamansett naturnamn. I Fron skulle da gardar som Steig, Grov, og kanskje Dalsegg og Ulberg vere blant dei eldste. Like gamle kan namn med dativform vere: Alme, Bjørke, Berge, Tofte. I Sødorp finn vi blant dei eldste gardsnamna Li (Kongsli), Lo, Byre. I Kvikne: Sylte, Tune. I Kvam: Vik, Krok, Leine, kanskje Forbrigd. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Språk

Kyrkje med plass til alle i bygda

kviknekyrkjaOmkring 1750 sa kyrkjeinspeksjonen frå om at den gamle Kvikne-kyrkja ved Sylte skulle «casseres». I 1759 sende Ole Melby, Ole Harildstad og Ole Dalen søknad til kongen om å få reise ny kykrje. Så snart snøen hadde gått om våren 1763 tok dei til med bygginga. Det tok ofte ikkje meir enn 2 – 3 månader å lafte opp ei krosskyrkje. Ved jonsokleite var dei kanskje ferdige med hovudbygget og kunne gå igang med å reise det høge og mektige tårnet. 17. august i år var det 250 år sidan kyrkja vart innvigd. Per Kåre Berget har skrive ei særs interessant og lesverdig bok om Kviknekyrkja i høve jubileet.

 

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Fronsbygdin 2014: Skulestrid

vvsDet har vore strid og drakampar om Vinstra videregåande skule med stort engasjement frå mange, både innanfor og utanfor det politiske miljøet. Gudbrandsdal landsgymnas kom i gang på Vinstra i 1946. Historia til skulen er mangfaldig, ei rik skulehistorie sit i veggane på Furuheim, og du har verkeleg noko å sjå fram til i haust. Fronsbygdin 2014 blir lansert nettopp på Vinstra vgs (VVS) 30. oktober. Redaksjonen har bede Olav Bratland skrive frå levra om korleis han som lærar, inspektør og sist som nestleiar har opplevd si skuletid og dei mange endringsprosessar rundt skulen på Vinstra, den største arbeids- og kunnskapsareanen i midtdalen. I åra 1972 -2013 hadde Olav Bratland sin arbeidsplass ved VVS. Ingen har hatt ein lengre arbeidsdag ved skulen enn han, heile 41 år. Det tyder på eit sterkt engasjement for arbeidsplassen sin. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

I godt lag

visningarHeimesida til Fron historielag har passert nok ein milepæl: 150 000 visningar sidan starten i april i fjor. Takk for interessa! Bli med på ferda vidare, og har du noko å bidra med, er du velkomen.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Open dag på bygdatunet

DSC_0559Ramma rundt den opne dagen på bygdatunet i går var heilt perfekt, men publikum svikta. Knapt 20 personar var innom, sjølv om vi lokka både med gratis kaffi og heimesteikte vaflar, og ikkje minst demonstrasjon av både smiing, oppgangssag og maling av korn. Det vart riktignok ikkje mjøl av det, sidan vi mangla treska korn. Men kverna vart likevel starta slik at folk fekk sjå. Det var heller ikkje nok vatn til at saga kunne gå for fullt. Fleire bilete frå dagen kjem etter kvart. Her kan du få ein smakebit av demonstrasjonane:

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jordbruk, Kunst og handverk, Verksemder

Namn i Fron: Tofte

begravtofte

Begravelsen etter fru grosserer Sørensen 1921 på Tofte Uppigard. Husmenn og naboer og tjenestefolk fra Tofte sanatorim

BRIT NILSEN: Toftgrenda eller Toftgardane ligg på vestsida av Laugen, øvst i Nørdre Lia. Det eldste skriftlege belegget vi har for namnet på Toftgardane, er frå 1318, a Tomtom. I seinare skriftlege kjelder er namnet skrive med ft, som i 1668: Thoffte. Både i gamalnorsk og i dialektane i dag finn vi mange ulike uttaleformer av ordet: tupt, tyft, tøft, toft, tuft og tomt. I eldre tider, som i dag, betyr ordet «hustomt eller hustuft.» Mange av desse gardane kan vere frå tida før 1350, da Svartedauen la mange gardar øyde, og berre tuftene av gardar låg att i fleire hundre år. Sidan vi har skriftleg belegg for Toftgardane alt frå 1318, er altså dette av dei riktig gamle toft-namna.

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Brekka

Foto: Google Maps

Foto: Google Maps

BRIT NILSEN: Grenda Brekka på austsida av Laugen mellom Vinstra og Kvam har eit namn som kjem av det gamalnorske ordet brekka, med tydinga «stor bakke». Dette høver godt på det bratte terrenget her. Brekke er brukt i stadnamn i heile landet og i Norden elles. I Sverige, til dømes, finst formene bräcka, bricka og brink.

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Skurdal

BRIT NILSEN: Gardane og grenda Skurdal ligg på vestsida av Laugen ved Harpefoss. Det eldste skriftlege belegget vi har for namnet er Skorildall frå 1520. Det er denne skrivemåten forskarane byggjer på når dei forklarer førsteleddet i namnet som eit mest bortkome elvenamn Skora, avleidd med endinga -il (skoril), med tydinga «ei elv som grev seg djupt ned.» I Fron er uttalen av dette namnet «skodal», som er ei svært «nedsliten» uttaleform i forhold til det opphavlege namnet.

Kommenter innlegget

Filed under Språk