
Treskeverk med mykje støv. Bilde frå Arve Skurdal/Vegar Skar
ALFRED ROLVSBAKKEN FORTEL TIL RAGNAR ØVRELID: Hausten 1933 var eg med på tresking hos åtte gardbrukarar, som eigde treskemaskin i fellesskap. For å bli med på treskinga måtte ein tinge på om våren, det var mange som gjerne ville vere med på dette arbeidet, som var betre betalt enn vanleg gardarbeid. På treskinga fekk vi 2 kroner for ein 10 timars dag, pluss kost og losji. På gardsarbeid berre ei krone dagen. Vi treska i seks veker på dei åtte gardane, det vart 360 timar. På dei 360 timane tente vi 72 kroner, og eg hugsar eg tykte det var mykje. Sommaren 1934 var eg gardgut på ein gard. Eg hadde 25 kronar månden, pluss kost og losji, og kosten var god. Det var 10 timars dag, 60 timars veke. Ein månad kjøpte eg eit par sko og ei bukse. Skoene kosta 16 kroner og buksa 9 kroner. Slik gjekk heile månadslønna til eit par sko og ei bukse av billegaste slag.
Frå boka Historia om Fron bind 2