Iver Pedersen – ein fronsprest for si kappe

Fronspresten Iver Pedersen samla gudbrandsdølar som var med på å jage svenskane bort frå Trondheim – slik at mange av dei fraus ihel i Tydalfjella

IVAR KLEIVEN: Presten Iver Pedersen, Iver Petrus Adolfus, som han oftast skreiv seg for, kom til Fron som huskapellan i 1847 og vart sokneprest i 1651. Han var lærd og vart snart mykje omtala her i dalen og vidare omkring. Han var nok ein stor talar og gjorde myklje av seg på stolen, men han var ein hardsett og myndig mann som ikkje var god å ha noko obytt med. Og så var han gjert på det sterke og drakk seg ofte full, noko som hekk ved både prestane og dei andre embedsmennene i det 17. hundreåret.  I fylla var magister Iver reint umogleg: kranglut, rang og uvøren i kjeften, banna og skapte seg og gat om at hans skulle vore hærførar istadenfor prest. Han var nok ikkje vellikt av bygdsfolket, men det sto slik age av dei høglærde magistrane at bøndene torde ikkje setje seg opp mot han om han bar seg aldri så urimeleg åt.

På same vis var det nok med embedsbrørne hans i dalen, dei tykte nok ikkje godt om han, men hadde stor age for lærdomen hans, og så vart han prost i Gudbrandsdalen ôg, i 1661, så dei fekk han til tilsynsmann over seg. Kom han full i huset når han fôr på visitas, så var det nok ingen tyle gjest for ein eldre prest som attåt hadde lite av lærdom. Magisteren kvidde seg ikkje for å hekkle over prestane, anten dei var gamle eller unge, når han var full.

Han hadde begynt med bokskriving da ha studerte i Leyden, men den la magister Iver heilt ned i Fron, for det er ikkje kjent at han ga ut noko meir på prent. På Fron la han seg nok vinn om å ha gode inntekter av det store kallet, og det var han heppe med, så han vart ein velståande mann etter nokre år.

I 1657 braut Krabbekrigen ut mellom Sverige og Danmark, og svenskane tok Trondheim. Gudbrandsdølane hadde i ein mannsalder gjort seg namnspordre for ikkje å spara seg  når det galdt på, og nå var det å vonast at dei var viljuge ti å vera med – berre det var nokon til å gjera opptaket. Og til det stod Fronspresten ferdig, han og futen i dalen, Jørgen Fillipsson – dei to karane var elles ikkje gode venner, og verre vart det seinare, men med å reise dølane mot svenskane stod dei påeitt og fekk samla 500 mann. Da det lei framover mot juletida. laut svenskane slite lag, både ved byen og lenet, enda guvernøren, Klas Sternskjöld, hadde sagt det ordet, at før han spelte Trondheim utur hendene, skulle han koke suppe på skinnbroka si. Byfolket og hærfolket ville halde ei takkegudteneste i domkyrkja for det dei vart kvitt svenskane, og den var det nettopp magister Iver Pedersen som heldt, ei veldig preike, som ennå finst i manuskript i det kongelege biblioteket i Kjøpenhamn.

Iver Pedersen døydde i 1665.

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn

One response to “Iver Pedersen – ein fronsprest for si kappe

  1. Ola Morken

    Iver Pedersen Adolphus, «Magistern» var sønn av Dr. Med. og Dr. Jur. Peder Alfsen og Hustru Anne Jacobsdatter Wolf.
    Peder Alfsen var født ca 1581 i Oslo og døde 3.mai 1663 i Trondheim. Han var medicus i Bergen 1617, medicus og professor i filosofi i Oslo 1626, og lagmann i Trondheim fra 1632.
    begravet i Trondheim.
    Hans sønn, Ivar Pedersen , født i Bergen 1620. og student ved Trondheim skole . I tidsrommet 1644.1646 studerte han i Leiden og vi kan vel anta at han i følge tidens skikk der latiniserte sitt etternavn til Adolphus. I sitt siste studieår i Leiden utga han verket «Medulla Oratoria», en håndbok i retorikk, som ble svært anerkjent og trykt i flere opplag. Etter sin hjemkomst i 1647 kom han til Fron, først som kapellan, og siden sokneprest.
    8.mai 1649 tok han magistergraden ved Københavns Universitet med stor berømmelse.
    Han var med å starte opp Lesja jernverk, men da noen av hans partnere forsøkte å skyve ham ut av dette lønnsomme foretak, oppstod det voldsomme og langvarige stridigheter mellom den stridbare presten og hans tidligere partnere. I denne feiden oppsto voldsomheter som ikke bestandig var forenlig med stillingen til en Herrens tjener.
    Han ble gift med Birgittte, datter av sin forgjenger som sokneprest i Fron, Hr. Tord Lauritsen,
    Han døde 31.mars 1665.

    Kilder: Personalhistorisk tidsskrift V. 231 f.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s