Namn i Fron: Gardsnamn

Bilde fra Ole's blog

Gardsnamna kan fortelje oss ein heil del om korleis bygdene vart rydda og busette. Klikk på bildet for å få det større. Bilde frå Ole’s blog

RAGNAR ØVRELID: Historikarane reknar med at dei eldste gardane er dei som har usamansett naturnamn. I Fron skulle da gardar som Steig, Grov, og kanskje Dalsegg og Ulberg vere blant dei eldste. Like gamle kan namn med dativform vere: Alme, Bjørke, Berge, Tofte. I Sødorp finn vi blant dei eldste gardsnamna Li (Kongsli), Lo, Byre. I Kvikne: Sylte, Tune. I Kvam: Vik, Krok, Leine, kanskje Forbrigd.

skabufraruten

Kan ikkje opphavsgarden Skåbu, som må vere utgammal, ein gong ha heitt noko anna? Her: Skåbu sett frå Ruten.

Ei slik tidfesting av gardar blir likevel for usikker. Ofte kan garden ha skift namn, namnet kan vere atskilleg yngre enn garden. Kvar har det t.d. blitt av opphavsgardane Sødorp, Ruste, Kvikne og Kvam? Og kan ikkje opphavsgarden Skåbu, som må vere utgammal, ein gong ha heitt noko anna? Namneforma Skåbu verkar yngre, enda om namnet har festa seg til ei heil bygd.

I eitt tilfelle, i Rustbygda, peikar ein gard seg ut som den opphavlege. Det gjeld garden Bø. Namnet Bø tyder rett og slett gard. Det same tilfellet har vi kanskje i Kvikne, med garden Tune.

I 700-800-åra eller tidlegare kjem den nest eldste namneskikken. Nå får gardane namn som endar på – heim og –vin (engslette). I Fron av typen Oden (-vin), Isum og Skiplum (-heim). I Sødorp: Skoe, Tokse, Bryn (bru-vin). I Kvam: Veikle (-vin), Røssem, Kjørem (-heim).

I alt reknar ein med ein ca. 60 gardsnamn i alt i Fron som er eldre enn vikingtida.

I vikingtida, frå 800 til 1000, får vi gardane som endar på -land, – stad, -set og –gard. Nordre Fron har 20 slike gardsnamn, Søndre Fron 15.

Den siste namnetypen i mellomalderen er nyrydningsgardane frå 1100-1200-talet. Dei kan heite Rudi, og dei kan ha endingar som –rud og –hus. Det er få gardsnamn av denne typen i Fron, namneskikken er mykje meir vanleg lenger sør i dalen og på flatbygdene. Heller ikkje finn vi nedsettande attåtnamn til –rud-gardane i Fron. Dei heiter Brandrud, Odenrud, Tårud osv., nøytrale nemningar som ikkje skil desse gardane ut som dårlegare enn andre. Gardsnamn som ender på –lia reknar dei også til perioden 1100-1200.

Dersom ein kan lite på alderen på desse gardsnamn-gruppene, skulle ein ved hjelp av kart kunne gjere seg opp ei meining om korleis eit bygdelag har blitt busett. Tar vi for oss Kvam, ser vi korleis busetnaden i bygda har utvida seg i vikingtida frå dei eldste gardane Vik, Veikle og Røssem. Her finn vi –stad-namna på rad og rekke kring opphavsgardane.

Det same ser vi i Kvikne, korleis –stad-gardane grupperer seg på begge sider av opphavsgarden Tune. Men her kan vi dessutan sjå noko anne ved namna, som kan fortelje om busettinga. Mellom Tune og Harildstad ligg Melby (midtgarden, ein gammal namnetype). Garden Harildstad må derfor vere eldre enn vikingtida. Truleg har Harildstad og Åsmunstad vore ein gammal, stor gard, med eit anna namn. Så har denne garden blitt delt i vkingtida, t.d. mellom brørne Harald og Asmund, som gav dei to nye gardane namn etter skikken i tida.

I Kvikne ligg også garden Oppsal (garden ovanfor), som tydeleg minner om garddeling.

Vi har i det heile fleire gamle gardsnamn av denne typen, som seier noko om plasseringa av garden i forhold til ein annan, enda eldre: Namn som Hage, Teige, namn på –eng, vitnar om at vi her opphavleg har hatt underbruk under andre gardar, såkalla sekundærgardar. Ja, til og med det gamle –vin-namna kan vere laga på same måten: Bryn (bru-vin) må såleis vere yngre enn brua over elva Vinstra.

I Øverbygda i Sør-Fron ligge gardane Nørstgard, Melgard (midtgarden) og Ommundgard. Det er rimeleg å tenke seg at alle tre opphavleg har vore saman med Kvigstad, da med eit anna namn. Og så har opphavsgarden blitt delt i fire i vikingtida.

ruste

Kvar har det blitt av opphavsgardane Sødorp, Ruste, Kvikne og Kvam? Foto: Stig Ekelund

Slik kan gardsnamna fortelje oss ein heil del om korleis bygdene vart rydda og busette. Dei kan fortelje noko om tempo i busettinga. Fron har ca. 30 gardar med dei eldste naturnamna, 12 gardar på –heim og –vin, og 35 namn på –stad, -set og –gard frå vikingtida.

Og namna kan gi oss ein liten innkikk i frådeling av nye garda, og av oppdelinga av dei eksisterande gardane (Nordgard, Sygard, Oppistugu osv.)

Men som sagt: gardsnamna må tolkast med sunt omdøme. Kjorstad, Tåkåstad og Rolstad i Sør-Fron er vel blant dei beste gardane i bygda. Namna er frå vikingtida, men alt skulle tilseie at gardane var mykje eldre, kanskje saman med Grytting blant dei eldste i heile Gudbrandsdalen. Rike gravfunn tyder også på det. Kanskje har det merkelege bygdenamnet Rysland, som sikkert er frå hundreåra føre vikingtida, vore namn på ein stor opphavsgard i bygda.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s