Heimesida til Fron historielag har passert nok ein milepæl: 150 000 visningar sidan starten i april i fjor. Takk for interessa! Bli med på ferda vidare, og har du noko å bidra med, er du velkomen.
Daily Archives: 7. september 2014
I godt lag
Filed under Informasjon
Open dag på bygdatunet
Ramma rundt den opne dagen på bygdatunet i går var heilt perfekt, men publikum svikta. Knapt 20 personar var innom, sjølv om vi lokka både med gratis kaffi og heimesteikte vaflar, og ikkje minst demonstrasjon av både smiing, oppgangssag og maling av korn. Det vart riktignok ikkje mjøl av det, sidan vi mangla treska korn. Men kverna vart likevel starta slik at folk fekk sjå. Det var heller ikkje nok vatn til at saga kunne gå for fullt. Fleire bilete frå dagen kjem etter kvart. Her kan du få ein smakebit av demonstrasjonane:
Filed under Informasjon, Jordbruk, Kunst og handverk, Verksemder