Monthly Archives: september 2014

Frøninger på briggen ”Atalanta” i 1865

Mange frøninger ombord

OLA MORKEN: Den amerikanske borgerkrigen mellom Nordstatene og de konfødererte Sørstatene i 1861-1865 satte en midlertidig stopper på den gryende utvandringen til Amerika fra Fron. I perioden 1860 til 1863 ser det ut til at kun et par personer fra Fron meldte utvandring til Amerika. Men det lå nok mange i startgropen og ventet, for i 1864 har ca 13 personer fra Fron meldt utvandring til Amerika. Da borgerkrigen sluttet 10. april 1865, startet utvandringen igjen allerede samme måned,  og i 1865 utvandret mer enn 50 personer. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner, Menn

Vil du vera med på tresking for 2 kroner dagen?

Treskeverk med mykje støv. Bilde frå Arve Skurdal/Vegar Skar

ALFRED ROLVSBAKKEN FORTEL TIL RAGNAR ØVRELID:  Hausten 1933 var eg med på tresking hos åtte gardbrukarar, som eigde treskemaskin i fellesskap. For å bli med på treskinga måtte ein tinge på om våren, det var mange som gjerne ville vere med på dette arbeidet, som var betre betalt enn vanleg gardarbeid. På treskinga fekk vi 2 kroner for ein 10 timars dag, pluss kost og losji. På gardsarbeid berre ei krone dagen. Vi treska i seks veker på dei åtte gardane, det vart 360 timar. På dei 360 timane tente vi 72 kroner, og eg hugsar eg tykte det var mykje. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Historia om Kvarvet

Kvarvet til venstre. Bildet tatt frå hangglider. Foto: XC Paragliding

Kvarvet til venstre. Bildet tatt frå hangglider. Foto: XC Paragliding

RAGNAR ØVRELID: Kvarvet, eller Ulkvarv (folk frå bygda sa Augelkvarv) var frå slutten av 1800-åra heimsæter under Nordgard Dalsegg. Kvarvet ligg 847 meter over havet, og gardane her er mellom dei som ligg høgst i landet. Det var sel på sætra til sommaropphald, og løe og fjøs til ein seks-åte naut. Sætra hadde ei stor inngjerda kve på 40-50 mål, og fire-fem mål var dyrka. I 1920-åra leigde Nordgard Dalsegg bort sætra til garden Jota, som betalte halve fôret på kvea i leige. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Sju drukna i Hundorpsundet

Det hende at det gjekk gale

IVAR KLEIVEN: Ein sundag, 3. oktober 1830, hende ei ulykke på Hundorpsundet: Ei ferje med fire øyk og sju menneskje skulle over sundet frå baksidelandet. Det var for tung last og stri vind, og ferja kom ikkje meir enn ein 30 meter frå land, før ho kvøldest og alle sju menneskja og to av øyka blei. Dei var fire tenestegutar, ei kjerring og to jenter som mista livet ved dette hende, og berre to av dei lykkast det å finne att. Dei andre fem stod det ikkje til å sokne opp att. Denne hendinga vekte djup medkjensle i heile Fron og var omtala i lang tid etter.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Hvor sto Rolstad-loftet?

Låg det eit kloster her? Bilde: Anette Berve

Ivar Kleiven fortel at

etter folkesagnet stod det to munkeklostre i Fron i medelalderen, det eine på Grytting og det andre på Rolstad. Om desse husa finst det ikkje noko i gamle fornbrev, men både Gerhard Schjøning og presten Hjorthøy fortel om dei, og den gamle bygninga på Grytting stod ennå i 1775.

OLA MORKEN: Emnet er svært interessant. Jeg tror heller ikke at det har vært kloster her, men at Rolstad loftet og “svevnstova” på Grytting har vært drevet av munker eller legbrødre tror jeg er et faktum. Folketradisjonen er for sterkt til å neglisjeres. Håper å finne mer om dette, men er ikke i mål ennå. Et spørsmål til.lokalkjente: Kjenner noen til den nøyaktige plasseringen av Rolstad loftet? Helst da i forhold til nåværende bebyggelse. Takknemlig for innspill.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kommunikasjon

Ein hyllest til Fronsvatna

Og så vakker fjellnatur som det er ved mange av desse Fronsvatna, skal det leitast etter. Feforvatnet. Bilde frå Nord-Fron kommune.

IVAR KLEIVEN: Båe Fronsbygdene har så nøgda av vakre og gode fiskjevatn at dei går over alle dei andre bygdene i dalen, og før i tida vart desse vatna vel utnytta, så bygda hadde fjellfisk til husbruk. Vinstervatna var nok helde for dei formeste mellom alle Fronsvatna, men jamen var det bra fiskjevatn mange av dei andre ôg, med både stor, feit og god fjellaure. Og så vakker fjellnatur som det er ved mange av desse Fronsvatna, skal det leitast etter. Han kan skifte mykje, men ved nesten alle er naturen slik at han dreg hugen til seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske

Fleire bilete frå open dag på bygdatunet!

Fron bygdatun0609141

Kommenter innlegget

by | 13. september 2014 · 08:00

Eliten i Fron

Storbøndene bygde seg staseleg kyrkje i Fron , men bygger ikke lenger vegar.  Foto: nrk.no

RAGNAR ØVRELID: Eit bondearistokrati utvikla seg i bygda i førstninga av 1700-åra, både økonomisk og sosialt. Særleg sør i hovudsoknet vart det mange storgardar. Men vi kan også spore den same typen av elitedanning i Sødorp, kring dei gamle gardane i Ruste, i Kvikne og på solsida i Kvam. Oppsitjarane på dei store gardane vart toneangivande. Rikdom på avling, husdyr og pengar gav dei ei trygg kjensle av å stå på toppen av bygdesamfunnet. Og dei hadde også ein lang tradisjon å stå på. Dei kom gjerne frå gardar som var store og mektige heilt tilbake til mellomalderen. Dei står å lese om hos Snorre. Tradisjonane gav dei høg status. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk

Fronsbøndene slo hardt til

Jensbakken\Gjota fotografert frå området Galgehaugen sør-aust for elva Augla. Den mest kjende avrettinga her er frå 1695, da Marte Bø, sonen Torger Torgersson Bø og Anders Lunde vart avretta etter Huskelimordet. Dei var frå Ruste i Nord-Fron.

RAGNAR ØVRELID: I 736 stod Jens Hansen Bråten for retten på Kjorstad tingstue. Han hadde stole ein hest. Med denne hadde han ridd omkring i grannebygdene og fått med seg ei gryte, noko mjøl og ein del pengar. Sidan hadde han ein gong rømt frå fengselet. Lagrettemennene, skikkelege bønder frå Sylte, Grosberg, Opsal, Lo og Tårud dømde Jens

til galgen at miste sit liv, til velfortjent straf, og andre til afsky og eksempel.

Ei lov frå 1690 gav faktisk adgang til å bruke dødsstraff ved gjentatte tjuveri. Og fronsbøndene fann vel ut at dei ville slå hardt til for å statuere eit eksempel i dei oppløyste tidene i bygda, som nå fløymde over av tiggarar og andre lause og halvkriminelle eksistensar. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Kyrkje med plass til alle i bygda

kviknekyrkjaOmkring 1750 sa kyrkjeinspeksjonen frå om at den gamle Kvikne-kyrkja ved Sylte skulle «casseres». I 1759 sende Ole Melby, Ole Harildstad og Ole Dalen søknad til kongen om å få reise ny kykrje. Så snart snøen hadde gått om våren 1763 tok dei til med bygginga. Det tok ofte ikkje meir enn 2 – 3 månader å lafte opp ei krosskyrkje. Ved jonsokleite var dei kanskje ferdige med hovudbygget og kunne gå igang med å reise det høge og mektige tårnet. 17. august i år var det 250 år sidan kyrkja vart innvigd. Per Kåre Berget har skrive ei særs interessant og lesverdig bok om Kviknekyrkja i høve jubileet.

 

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk