Monthly Archives: august 2014

Det store alpinanlegget i Kongslia

Skulle det vore skiheis og slalåmbakkar vestanfor nye E6 på Vinstra? Foto: Statens vegvesen

HANS PETTER KLEIVEN: Det er berre «Amundsen» att av dei mange reiselivsverksemdene som tok til i dei optimistiske åra etter at jernbanen kom til Vinstra i 1896. Skulle ein på Vinstra likevel ha satsa på det store alpinanlegget i Kongslia i 1970? Den gongen kunne ein ha fått skianlegget for mellom 15 og 20 millionar kroner, og på Austlandet var det enda berre Geilo som hadde kome skikkeleg i gang. Ikkje fanst det nokon Hemsedal eller Trysilfjell, ikkje noko i Hafjell eller Kvitfjell. Same smitteeffekten som jernbanen hadde i 1896, kunne ført til at Amundsens Hotell kunne fått mange og gode kollegaer/konkurrentar på Vinstra og i Sorperoa, og det kunne vore mange gode arbeidsplassar ôg!

 Frå artikkelen «Amundens hotell 100 år» i Fronsbygdin 2005

Éin kommentar

Filed under Idrett, Verksemder

Kan du fronsmålet?

ODD MIDTLIEN: Kva er rett?
Furulus er a: Barkebille. b. Fuglekongen. c: Ekornunge.
Spikjitet er a: Liten, mager unge. b: Kjøttmeis. c: Fleskebille.
Gulskurv er a. Gulsporv. b: Modent korn. c: Løvetann.
Mølluksè er a: Larve. b: Møkkete okse. c: Tordivel
Gåløye er a: Døgnflue. b: Blåfiol. c: Ørekyte
Træl er a: Gullbust (karpefisk). b: Nattsvermar. c: Bekkasin
Kjøe er a: Gyteferdig aure. b: Liten aure, bekkaure. c: Liten guttunge
Sleipe er a: Snigle. b: Innvoldsmark. c: Flått
Vasslapp er a: Frosk. b: Fossekall. c: Bekkeblom
Lappause er a: Mygglarve. b: Rumpetroll. c: Fiskeyngel

 

Rett svar kjem her seinare.

 

Éin kommentar

Filed under Språk

Underleg kaffi

Foto frå skogholt.org

RAGNHILD RINDHØLEN: Ei påskehelg kom det ein bykar rennande på ski nedover til Skåbubaklia. Han banka på ei dør og spurte om kjerringa der kunne selje han ein kopp kaffi. Nei, ho hadde ikkje noko kaffi å koke av, sa ho. Men det gjorde ikkje noko, sa bykaren, for han hadde med seg ein pose med kaffibønner sjølv. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Fest for Kvikne-kyrkja

Kvikne kyrkje

Kvikne kyrkje er ei tømra krosskyrkje. Ho vart oppført i 1764 og har 175 sitjeplassar. Byggmeister ved oppføringa var Per Korpberget. Før Storofsen — den store flaumen i 1789 — stod kyrkja litt lengre ned, ved garden Sylte. Etter flaumen vart ho flytta til Tune, der ho framleis står.

Søndag 17. august er det jubileum i Kvikne. Kyrkja blir 250 år. Festgudsteneste med biskop Solveig Fiske og prost Paul Gunnar Skuland. Mange tidlegare prestar i Nord-Fron deltek. Frå kyrkja blir det så prosesjon med musikarar frå Mukampen spelemannslag til bygdahuset, der det blir festleg samvær med musikk og innslag frå 4H, fortel formann i soknerådet, Kristian Ekre. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Nå er det berre tida og vegen!

Har du idear og lyst til å lage ein lokalhistorisk video og vera med og konkurrere om 10 000 kr i premie, er det verkeleg på tid å gå igang. Frist for innlevering: 8. september. Du finn idear og tankar her. Og reglane for konkurransen er her. Når du er ferdig, send ei lenkje til videoen i epost til olerisdal@hotmail.com og til carl.grondahl@gmail.com. Så gler juryen seg til å sjå og vurdere. Vinnarane blir kåra på lanseringa av årboka Fronsbygdin i slutten av oktober. Det er berre å trø til!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Hans Petter Kleiven såg kva dette kunne bli

pgnemnda

Per Gynt-nemnda i 1971. Frå venstre: Jon Lunke, Are Stauri, Svein Egge, Hans Petter Kleiven, Dagny Stauri, Svend Kloster-Jensen, Jens Sundt. Foto: GD-arkiv.

RAGNAR ØVRELID: Til å begynne med var Per Gynt-stemnet lauseleg organisert. Det var utgått frå reiselivslaget og turistkontoret på Vinstra, ei sjølvvald nemnd. Dei etablerte seg i 1966 med tanke på eit stemne året etter hundreårsminnet for Ibsens Peer Gynt. Dei var Hans Petter Kleiven og Ivar Blekastad frå reiselivsnæringa, rektor Are Stauri frå folkehøgskolen på Hundorp, økonomen Øystein Hagelien og lektor Johan Storm Munch. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Litteratur, Menn, Musikk

Megardsriddaren

megardsFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:  For 300 år sidan stod det ei kyrkje på ein gard som heiter Megarden. Og så var det ein riddar som heitte Megardsriddaren. I Heidalen budde det ei kjempe som folk kalla Heidalskjempa. Megardsriddaren og Heidalskjempa var ofte sinte på kvarandre. Ein gong Heidalskjempa stod på Mukampen, kasta ho ein stor stein på Megardskyrkja. Steinen trefte tårnet så det rauk tvert av. Det vart riddaren sint for og sa at han ville drepe ho, og det gjorde han au. Han drap kjempa og grov ho ned akkurat der han drap ho. Og det var på Kjempesletta. Det er oppgrave torv der, så langt som kjempa var, og det er sju vaksne kar-steg.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Var Per Gynt svensk?

pgbarestokk

Mange av bragdane til Per Gynt er sikkert dikta inn i soga hans lenge etter at Per hadde kvilt under torva en mannsalder eller to – sist er heile soga hans vorte eit eventyr, slik som Asbjørnsen råka det på Høvringen og i Rondane i slutten av 1840-åra. Og gjerne minka ikkje det eventyrvorne ved å gå gjennom pennen til to store diktarar heller. Mads Ousdal som Peer ved Gålåvatnet 2014. Foto: Carl Henrik Grøndahl

IVAR KLEIVEN: Det er nok heilt visst at Per Gynt har vore brukar og budd på Nordigard Hågå på Sødorp, men noko sikkert om tida og livssoga hans er det vanskeleg å få tak i. Og korleis Gynt-namnet er lagt på han, er det heller ikkje noko å få veta om, kanskje er det et oppnamn og kanskje eit gamalt slektsnamn. I lensrekneskapen for Akershus 1557-58 er det ein «Jonn Gynnthe» som bygsla ein eigendom under krona og betalte «1 daler» i bygsel, men eigendomen er ikkje namngitt. Dette viser såleis at det i 1557 har vore ei Gynteslekt på Fron, og det er mogeleg det kan være Nordigard Hågå eller ein part av Hågå som «Jonn Gynnthe» har betalt 1 daler i bygsel for. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Berre ein månad att!

Fristen for å vera med på videokonkurransen til historielaget går ut 8. september. Du konkurrerer om 10 000 kr i preimiar. I Fron kan ein berre ause av tema for ein lokalhistorisk video. Mange gamle kjem aldri til å skrive ned minna dei har frå 30-talet, frå krigen, frå liv og arbeid i ei tid som hadde heilt andre verdiar og vilkår. Berre nokre steinar og stokkar står att av hus der dei levde og elska, song og sleit. Dei som nå er 80 år gamle, vart fødde i 1934 og var seks år gamle da krigen kom oppover dalen. Dei fekk ein barndom med rare klede og lite moro. Dei var 20 år gamle i 1954, da Elvis Presley slo igjennom saman med grammofonen. Dei var 30 år gamle da The Beatles hauka seg inn i hjarta. Dei har opplevd store klasseskilje i Fron, dei har kjørt i mange rare kjøretøy, dei lærte praktisk kunnskap som er i ferd med å bli borte. Korleis skal du oppbevare mat når du ikkje har frysar? Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Gardsbumerkje i Fron

bumerkerIVAR KLEIVEN: I dei siste to, tre mannsaldrar er bruken av bumerkje falle bort, og på ein mengde gardar er merkje heilt bortgløymt. Men kvar gard i ei bygd skulle ha sitt eige bumerkje, som vart hogge på tømmer og skåre eller rissa på kopper og kjørel. Dei er nok styggeleg gamle og rekk nok attende til vikingetida og kanskje enda lenger. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jordbruk, Kunst og handverk