Daily Archives: 31. august 2014

Har du bøker du vil selje?

Ligg dei i ei kasse eller står i ei hylle,  og du veit du kjem aldri til å lese dei meir? Sel dei til Fron historielag. Vi er utselde for Einar Hovdhaugens Gardar og slekter i Fron, bind 2 og Ragnar Øvrelids Historia om Fron, bind 1. Det er ikkje bra. Vi må ha dei i hus når nokon spør etter dei. Du får 100 kr for ei bok, og vi kjøper sjølvsagt båe binda av Hovdhaugen eller Øvrelid. Ta kontakt med Marit Taarud Kirknes på epost taarud@online.no eller på tlf 97515700. Så kan fleire kose seg med å finner røter og ei plass i historia.

3 kommentarar

Filed under Informasjon, Litteratur