Har du sett ei oppgangssag i drift?

7sagmat1Der sagbladet går opp-og-ned og ikkje rundt? Har du sett ei vassdriven kvern som gjer korn til mjøl? Har du sett smeden arbeide i smia? Nå har du sjansen. Laurdag 6. september er det open dag på Bygdatunet på Sødorp frå kl 13 til kl 16 med god stemning rundt gamle hus. Smeden Kjell Nystuen smir og har eigne produkt til sal. Traktering med kaffi og saft, vaffel og kringle. Bli kjend med Fron bygdatun, som nå er ein triveleg plass midt i byen, men som ein gong var husmannsbruket Milsteinstugu,  eitt av dei aller skrinnaste.  Bruket nordafor, som hadde liknande ressursar, fekk namnet Pina, noko som fortel sitt. Men på laurdag 6. september er det full aktivitet og berre velstand på denne lille oasen rett synnafor Sødorp Gjestgivergård.  Velkomen!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s