Der sagbladet går opp-og-ned og ikkje rundt? Har du sett ei vassdriven kvern som gjer korn til mjøl? Har du sett smeden arbeide i smia? Nå har du sjansen. Laurdag 6. september er det open dag på Bygdatunet på Sødorp frå kl 13 til kl 16 med god stemning rundt gamle hus. Smeden Kjell Nystuen smir og har eigne produkt til sal. Traktering med kaffi og saft, vaffel og kringle. Bli kjend med Fron bygdatun, som nå er ein triveleg plass midt i byen, men som ein gong var husmannsbruket Milsteinstugu, eitt av dei aller skrinnaste. Bruket nordafor, som hadde liknande ressursar, fekk namnet Pina, noko som fortel sitt. Men på laurdag 6. september er det full aktivitet og berre velstand på denne lille oasen rett synnafor Sødorp Gjestgivergård. Velkomen!
Daily Archives: 29. august 2014
Har du sett ei oppgangssag i drift?
Filed under Informasjon, Kunst og handverk
Tor Øyen og svartboka
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 1934?: Det er ikkje lenge sidan han levde, han var nokre og nitti år den vinteren då bestemor tente der. Han hadde fått tak i svartboka, og henne var det berre så vidt han vart kvitt. Ein gong brende han henne, men ho kom att likevel. Men så gjekk han åt kyrkja og hadde på ho støv av alteret og brende ho att. Men ho kom ikkje att så den natta gjekk han i skorne, skjorta og ei geitskinnstrøye. Da heldt han på og såg innpå glasa åt folk. Og seinare fann han i hop mange krakkar. Summe døypte han, andre konfirmerte han. Sumtid heldt han gjestebud og sumtid gravøl. Så hadde han ei jente som gjekk i skulen. Så ein morgon ho skulle uti der han låg og gjera opp varme, då tala ho åt ‘ om, men han svara ikkje. Da gjekk ho innatt og sa: «Han Tor er visst daud i dag, han svara meg ikkje». Dei uti, alle saman. Men fekk ikkje svar. Så var det ein mann som kom på at han skulle pirka under fotblada hans. Da rykte han i foten. Han døydde i 1888.
Filed under Uncategorized