Namn i Fron: Sødorp

GE-FB-bildemal2

Morgontåke over Sødorp: Foto: GE, Jan Jansrud

BRIT NILSEN:  Sødorpbygda ligg på austsida av Laugen og går frå grensa til Sør-Fron og nordover til stasjonsbyen Vinstra, som ligg på mykje av den gamle jorda til Sødorp-gardane. Truleg var namnet brukt også om Byregardane før stasjonsbyen vaks fram. Sisteleddet i namnet, -torp, (-dorp) finst berre i to namn i heile Gudbrandsdalen, nemleg i Hundorp og Sødorp. Namna kan tyde på ei samtidig innvandring eller busetjing langt attende i tid. Ordet eit torp betyr «ein gard». Ordet er vanleg også i fleire andre land, og i Tyskland til dømes, betyr det «landsby». Ordet torp har vore brukt til namnelaging gjennom svært lang tid, og nyare forskarar har freista å datere torp-namna tydlegare ved å dele dei i tre grupper. Dei yngste torp-namna er frå 1600- og 1700-talet, og desse er mest vanlege søraust i landet. Ein trur difor at dei kom til Norge med innvandringa frå Finland. Dei fleste torp-namna er frå mellomalderen, da ein tok til å rydde jord att etter Svartedauen, og den gongen vart torp- truleg brukt på «nybygg og utflyttargarder».  Den verkeleg gamle gruppa med torp-namn, dit Hundorp og Sødorp høyrer, er langt eldre enn vikingetida. Dei kan han opphavet sitt heilt tilbake til eldre jernalder, altså før vår tidsrekning. I desse eldste torp-namna var tydinga truleg «engmark, engjord.»

Rygh meiner at det opphavlege namnet var gardsnamnet Sudrdorp, og at denne garden for lenge sidan ved deling eller på annan måte har fått eit anna eller andre namn. Dn svenske forskaren Lars Hellberg, som har gått grundig inn i dei gamle torp-namna, meiner at opphavsgarden har heitt thorp, og at sudrthorp og nordrthorp oppstod ved garddeling, og at vidare garddeling har gjort at «nordgarden» vart delt opp i mindre gardar og forsvann, medan «sørgarden» vart til bygdenamn. Han seier ôg at namnet Sudrthorp må vera frå førkristen tid.

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s