Namn i Fron: Kvam

Bilde: Statens vegvesen

BRIT NILSEN: Kvam er truleg opphavleg eit bygdenamn på bygda mellom Brekka i sør og Kollo i nord. Tydinga av gamalnorsk hvammr er noko usikker. Naturgrunnordet kvam er kjent frå mange dialektar, og kan somme stader bety «ein avkrok, dal eller vik, som er omgitt av høge bakkar, slik at ein ikkje kan sjå den på avstand.» Men ein må sjå på dei geografiske tilhøva ved kvamsnamna, og ei tyding som «stad der eit hovuddalføre knip seg i hop», passar nok best på Kvam i Nord-Fron.

Kvam er brukt i mange stadnamn i Norge. Dei er mest vanlege på Vestlandet, og namna finst både på Island og i dei norrøne bygdene i Skotland. Ein reknar derfor med at desse namna vart mykje brukt i vikingtida, men noko sikkert om dateringa på alle desse namna kan ein ikkje seie, fordi ordet har vore brukt som naturgrunnord heilt opp til i dag. At Kvamsbygda har hatt dette namnet frå svært gammal tid, må ein tru.

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s