Daily Archives: 21. august 2014

Du har 19 dagar på deg

Til å vera med på Fron historielags konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 minutt, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet. Videoen må ikkje innehalde musikk med opphavsrett. Konkurransen er open for alle med tilknytning til Fron.

Vinnaren får kr 5000. 2. plass kr 3000. 3. plass kr 2000.  Vinnarane blir kåra på lanseringa av årboka Fronsbygdin 2014 i månadsskiftet okt/nov. Dei beste videoane bli presenterte på heimesida til historielaget.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Namn i Fron: Fron

BRIT NILSEN: Fron er i dag brukt på nabokommunane Sør-Fron og Nord-Fron. Fram til 1850 var Fron eitt herad og prestegjeld. Fron er eit svært gamalt namn, og det finst ikkje nokon annan stad i landet. Den eldste skriftlege kjelda for namnet er eit brev frå 1353, der det er skrive a Frone. Fron er nok opphaveleg eit bygdenamn knytt til Øverbygda og Nerbygda i Sør-Fron.

Namneforskarane har heilt ulike tolkningar av dette eldgamle namnet. Rygh meiner det kjem av det gamalnorske ordet frón, som betyr «land eller «jord» og berre er kjent frå diktarspråket eller poesien. Seip meiner namnet er ei avleiing av elvenamnet Frya. Han meiner namnet fortel at staden låg ved Frya. Fron er altså eit svært gamalt og sjeldan namn, men heilt sikre på hva det ein gong tydde, kan vi ikkje vera.

Kommenter innlegget

Filed under Språk