Gausdalskjempane gjekk ut av leiken med skam

 Foto: Splash/AOP

Ein av gausdølane etter skjølnadsdrammen? Foto: Splash/AOP

IVAR KLEIVEN: Amund Liltjem frå Kvam var ein overlag godkar, velvaksen, før og hardsett. Han fekk gifta si frå Jefse i Gausdal, og der på garden stod gjestbodet deira ôg. I desse tidene var det ofte det kunne gå noko vilt til i gjestboda, for det var støtt god råd på brennevin, og jamnt var det med gode karar, som hadde hug til å prøve einannan.

Det stod ord av makta hans Amund Liltjem, og det var nok dei som tenkte seg at det kanskje ikkje kom til å ende reint fredeleg i gjestbodet på Jefse. For det var mange gode og føre karar i Gausdal ôg på den tida, og det kunne ikkje vera så reint urimeleg at det kom nokre av dei til gjestbodet på Jefse for å prøve makta til sjølve brudgomen.

Men alt gjekk stille og fredeleg for seg den eine dagen etter den andre. Like til laget skulle brytast, og brur og brudgom hadde sett seg i salen og var reide til å ta på heimvegen om Skåbu og Kvikne til Kvam. Nettopp med det same brudfolket skulle drikke skjølnadsdrammen, kom det nokre framande karar innpå gardsrummet og som ikkje hadde vore i laget før, og imellom dei var den som var helde for beste karen i Gausdal. Han gjekk fram til brudgomen med flaske og glas og baud ein dram, og den tok Amund imot. Man da Amund hadde drukke dramme og flidde glasset attende, greip gausdølen tak i Amund og vlile dra han av hesten, men det glatt, for Amund hogg handa i haka på gausdølen med eit så handfast tak at gausdølen fekk anna å tenkje på.

Med dette vart det eit lite skjipl i heimferda: det barst inn i stua att med brudgomen og dei framande, og nå vart det friskt liv i stua på Jefse ei lita stund! Det leitte hardt på både golv og vegger, og bord og benkjer, krakker og alt som var laust, fór til ymse kantar som flis i uvær, og det dundra, dåna og bråka som huset skulle helde på å rønje i hop. Brudgomen og nokre andre av kvamsværane gav ein god mon meir juling enn dei fekk, og gausdalskjempane gjekk ut av leiken med skam.

Men denne skjølnadsstunda hadde gjort det styggeleg urødleg i stua: alle ting hadde bytt rom, og den store stabben var søkkjande borte – han fanst att i kjellaren etter ei tid

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s