Fest for Kvikne-kyrkja

Kvikne kyrkje

Kvikne kyrkje er ei tømra krosskyrkje. Ho vart oppført i 1764 og har 175 sitjeplassar. Byggmeister ved oppføringa var Per Korpberget. Før Storofsen — den store flaumen i 1789 — stod kyrkja litt lengre ned, ved garden Sylte. Etter flaumen vart ho flytta til Tune, der ho framleis står.

Søndag 17. august er det jubileum i Kvikne. Kyrkja blir 250 år. Festgudsteneste med biskop Solveig Fiske og prost Paul Gunnar Skuland. Mange tidlegare prestar i Nord-Fron deltek. Frå kyrkja blir det så prosesjon med musikarar frå Mukampen spelemannslag til bygdahuset, der det blir festleg samvær med musikk og innslag frå 4H, fortel formann i soknerådet, Kristian Ekre.Om kyrkja skriv bygdehistorikar Ivar Kleiven:

Kviknekyrkja er ei vakker tømra korskyrkje med eit høgt tårn, fine høvelege former all opp.  Den er av dei vakraste tømrakyrkjene i Nord-Gudbrandsdalen”. Kyrkja vart som sagt innvia i 1764.  Den vart flytta etter ofsen(storflom som utløyste mange ras, bla. i Gudbrandsdalen) i 1789, pga leirmasser som trykte inn veggen og det låg jordmasser høgt opp på altertavla.  Kyrkja står nå ved garden Tone i Kvikne sokn i Nord-Fron kommune.

Eistein Guttormsen Kjørrn har laga altartavle og preikestol til kyrkja. Preikestolen er kopiert etter Jakob Klukstad sin preikestol i Heidal kyrkje, som brann i 1933. Også altartavla er inspirert av tavla i Heidal, men her har Kjørrn vore noko friare. Døypefonten i kleberstein er overført frå ei tidlegare kyrkje. Ivar Kleiven fortel:

Medan Sankt Olav var her i Ruste den gongen, skulle han pålegge Rustværane å bygge kyrkje på Bø, og ho vart oppsett der óg og sto til pålag 1600. Døypefonten er ennå på Bø, men det var ein gong, etter at Bøkyrkja var nedlagd, at fonten skulle flyttast oppi Kviknekyrkja og bli brukt der. Det gjekk radt å kjøre han like til dei kom til Bjønnsteinen på høgste Helgefell. Da sto det ikkje til å få hestein ein fot lenger. Og så laut dei kjøre døypefonten attende til Bø.

Ragnvald Einbu måla kyrkjebenkane i 1922 med ulike blomar og rankar, englar og dyr. Kyrkja har fått digitalorgel, men dei gamle orgelpipene pyntar framleis opp.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s