Hans Petter Kleiven såg kva dette kunne bli

pgnemnda

Per Gynt-nemnda i 1971. Frå venstre: Jon Lunke, Are Stauri, Svein Egge, Hans Petter Kleiven, Dagny Stauri, Svend Kloster-Jensen, Jens Sundt. Foto: GD-arkiv.

RAGNAR ØVRELID: Til å begynne med var Per Gynt-stemnet lauseleg organisert. Det var utgått frå reiselivslaget og turistkontoret på Vinstra, ei sjølvvald nemnd. Dei etablerte seg i 1966 med tanke på eit stemne året etter hundreårsminnet for Ibsens Peer Gynt. Dei var Hans Petter Kleiven og Ivar Blekastad frå reiselivsnæringa, rektor Are Stauri frå folkehøgskolen på Hundorp, økonomen Øystein Hagelien og lektor Johan Storm Munch.

Dei to fremste drivkreftene var Hans Petter og Are. Hans Petter brann for arven etter Pål Kluften, han såg kva dette kunne bli for bygda og turistnæringa, han hadde kontaktnettet, og han var uredd. Are dyrka ôg røtene og hadde den historiske og litterære tyngde som skulle til oppi alt dette.

skriv Ivar B. Blekastad. Sjølv var han turistsjef og rådde over eit apparat, som han seier (kontor, telefon og skrivehjelp). Han såg for seg stemnet som ei ”eksporvare”, som ein krumtapp for å utvikle turisttrafikk over eit stort område, med Vinstra som utgangspunkt, når stemnet vart kjent nok.

Hagelien skulle passe på pengane, som ikkje var der, men som eit stort publikum ville kunne bidra med.

Storm Munch var ikkje berre skolemann med lang sommarferie og ihuga for idèen, han var også praktikaren, handverkaren, ein som kunne ordne opp, og som nødig tok nei for eit svar.

Desse folka utfylte kvarandre bra, og etterkvart kom nye til. Dei skulle bli grunnstammen i stemnet i mange år: Svend Kloster-Jensen, Jon Lunke, Jens Sundt, Harald Rudi, Arild Gårderløkken, Einar Rønningen og mange andre. Dette var folk med ulike erfaringsbakgrunn og med store kontaktflate, eit viktig vilkår for å skaffe hjelp til det nødvendige dugnadsarbeidet.

Frå boka Per Gynt-stemnet 1928-2003

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Litteratur, Menn, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s