Var Per Gynt svensk?

pgbarestokk

Mange av bragdane til Per Gynt er sikkert dikta inn i soga hans lenge etter at Per hadde kvilt under torva en mannsalder eller to – sist er heile soga hans vorte eit eventyr, slik som Asbjørnsen råka det på Høvringen og i Rondane i slutten av 1840-åra. Og gjerne minka ikkje det eventyrvorne ved å gå gjennom pennen til to store diktarar heller. Mads Ousdal som Peer ved Gålåvatnet 2014. Foto: Carl Henrik Grøndahl

IVAR KLEIVEN: Det er nok heilt visst at Per Gynt har vore brukar og budd på Nordigard Hågå på Sødorp, men noko sikkert om tida og livssoga hans er det vanskeleg å få tak i. Og korleis Gynt-namnet er lagt på han, er det heller ikkje noko å få veta om, kanskje er det et oppnamn og kanskje eit gamalt slektsnamn. I lensrekneskapen for Akershus 1557-58 er det ein «Jonn Gynnthe» som bygsla ein eigendom under krona og betalte «1 daler» i bygsel, men eigendomen er ikkje namngitt. Dette viser såleis at det i 1557 har vore ei Gynteslekt på Fron, og det er mogeleg det kan være Nordigard Hågå eller ein part av Hågå som «Jonn Gynnthe» har betalt 1 daler i bygsel for.

Gerhard Schjøning skriv i Reise i Gudbrandsdalen 1775:

Straks østen for eller S.O. for gården Sødorp ligger den gård Hage, på hvilken berettes, at en adelig familie ved navn Günter fordum har boet.

Det har såleis levt att minne om Gyntslekta på Sødorp da Schjøning reiste gjennom dalen, men om Per Gynt gjet han ikkje noko. Anten har han ikkje fått høre noko om Per, eller han han ikkje har funne det så særmerkt at det var verdt å ta det med. I Sverige er det ôg ein «Peder Gynt» mellom 1476 og 1505, som skal ha ein gard i Dalane og er nemnt som «nemndemann» i Stora Skedvi sokn. Dei har enda ein Per Gynt til i Sverige; ein fæl landvegsrøvar og brotsmann, som budde i ei berghole i Store Tuna sokn i Dalane. Om det var noko skyldskap mellom dei to svenske Per´ane Gynt er nok uvisst, og om vår Per Gynt kunne vera i noko slags skyld med dei to svenskane, er nok ôg usikkert og lite truleg.

I eit skattmanntall for 1645 er det ein Peder som er brukar på Nordigard Hågå  og er der ennå i 1651. Garden er gjennom heile det hundreåret krongods, men var elles full gard med ei skyld på 4 hudar. At garden kan ha vore sæte for ei adelsslekt er lite rimeleg. I 1668 heitte brukaren på Hågå Ellev og er den einaste sonen til den førre. I 1719 sit ei enkje på garden, men det er rimeleg at det er same slekta.

Per Gynt på Hågå, som er vorte ein slik selle, er vel helst den same «Peder Laurissen» som var brukar på garden i 1645 og -51. Han levde til 1665, for det året er det skifte etter han mellom enka, Marte Pedersdotter, og dei to barna, Ellev og Kari. Per-namnet er seinare vorte teke oppatt og har helde seg på garden til i siste tidene. Denne Per Larsson har utan tvil vore ein underleg rusk, framifra veidar og ein hardhaus på all vis, kanskje ein både lettliva og lett-truandest skrønmakar attåt. Mykje av dei eventyrsogene som går om han, har han sjøl trudd på, og mykje har han dikta ihop. Den tida var det som heile naturen hadde liv og sjel, og folk levde som i ei åndeverd. Og ein slik fjellmann som Per Gynt kan tenkjast å ha vore, fekk eventyrdåmen over seg både i heimbygda og vidare. Mange av bragdane hans er sikkert dikta inn i soga hans lenge etter at Per hadde kvilt under torva en mannsalder eller to – sist er heile soga hans vorte eit eventyr, slik som Asbjørnsen råka det på Høvringen og i Rondane i slutten av 1840-åra. Og gjerne minka ikkje det eventyrvorne ved å gå gjennom pennen til to store diktarar heller.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s