
Mange av bragdane til Per Gynt er sikkert dikta inn i soga hans lenge etter at Per hadde kvilt under torva en mannsalder eller to – sist er heile soga hans vorte eit eventyr, slik som Asbjørnsen råka det på Høvringen og i Rondane i slutten av 1840-åra. Og gjerne minka ikkje det eventyrvorne ved å gå gjennom pennen til to store diktarar heller. Mads Ousdal som Peer ved Gålåvatnet 2014. Foto: Carl Henrik Grøndahl
IVAR KLEIVEN: Det er nok heilt visst at Per Gynt har vore brukar og budd på Nordigard Hågå på Sødorp, men noko sikkert om tida og livssoga hans er det vanskeleg å få tak i. Og korleis Gynt-namnet er lagt på han, er det heller ikkje noko å få veta om, kanskje er det et oppnamn og kanskje eit gamalt slektsnamn. I lensrekneskapen for Akershus 1557-58 er det ein «Jonn Gynnthe» som bygsla ein eigendom under krona og betalte «1 daler» i bygsel, men eigendomen er ikkje namngitt. Dette viser såleis at det i 1557 har vore ei Gynteslekt på Fron, og det er mogeleg det kan være Nordigard Hågå eller ein part av Hågå som «Jonn Gynnthe» har betalt 1 daler i bygsel for. Les meir