BRIT NILSEN: Denne grenda, der Baukholsgardane ligg, er nemnt i Aslak Bolts jordebok (1430-1440). Der vart namnet skrive Baukaall. Sisteleddet i namnet er gamalnorsk áll, som vart brukt om ei djup renne i vatn, og om ei stripe med anna farge langs ryggen på dyr, særleg hestar. Den opphavlege tydinga var nok «stripe», og slik er det brukt i stadnavn også. Førsteleddet er vanskeleg å forklare. Rygh seier han kjenner berre eitt namn i landet som kan vere i slekt med dette førsteleddet, nemleg garden Bauker i Østre Gausdal. Førsteleddet kan henge saman med gamalnorsk bauka, som betyr «rote» eller «grave». Ein kan gjette på at vatn eller jordras har lage ei «stripe» i lendet her ein gong for lenge sidan.
Monthly Archives: august 2014
Har du bøker du vil selje?
Ligg dei i ei kasse eller står i ei hylle, og du veit du kjem aldri til å lese dei meir? Sel dei til Fron historielag. Vi er utselde for Einar Hovdhaugens Gardar og slekter i Fron, bind 2 og Ragnar Øvrelids Historia om Fron, bind 1. Det er ikkje bra. Vi må ha dei i hus når nokon spør etter dei. Du får 100 kr for ei bok, og vi kjøper sjølvsagt båe binda av Hovdhaugen eller Øvrelid. Ta kontakt med Marit Taarud Kirknes på epost taarud@online.no eller på tlf 97515700. Så kan fleire kose seg med å finner røter og ei plass i historia.
Filed under Informasjon, Litteratur
Har du sett ei oppgangssag i drift?
Der sagbladet går opp-og-ned og ikkje rundt? Har du sett ei vassdriven kvern som gjer korn til mjøl? Har du sett smeden arbeide i smia? Nå har du sjansen. Laurdag 6. september er det open dag på Bygdatunet på Sødorp frå kl 13 til kl 16 med god stemning rundt gamle hus. Smeden Kjell Nystuen smir og har eigne produkt til sal. Traktering med kaffi og saft, vaffel og kringle. Bli kjend med Fron bygdatun, som nå er ein triveleg plass midt i byen, men som ein gong var husmannsbruket Milsteinstugu, eitt av dei aller skrinnaste. Bruket nordafor, som hadde liknande ressursar, fekk namnet Pina, noko som fortel sitt. Men på laurdag 6. september er det full aktivitet og berre velstand på denne lille oasen rett synnafor Sødorp Gjestgivergård. Velkomen!
Filed under Informasjon, Kunst og handverk
Tor Øyen og svartboka
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 1934?: Det er ikkje lenge sidan han levde, han var nokre og nitti år den vinteren då bestemor tente der. Han hadde fått tak i svartboka, og henne var det berre så vidt han vart kvitt. Ein gong brende han henne, men ho kom att likevel. Men så gjekk han åt kyrkja og hadde på ho støv av alteret og brende ho att. Men ho kom ikkje att så den natta gjekk han i skorne, skjorta og ei geitskinnstrøye. Da heldt han på og såg innpå glasa åt folk. Og seinare fann han i hop mange krakkar. Summe døypte han, andre konfirmerte han. Sumtid heldt han gjestebud og sumtid gravøl. Så hadde han ei jente som gjekk i skulen. Så ein morgon ho skulle uti der han låg og gjera opp varme, då tala ho åt ‘ om, men han svara ikkje. Da gjekk ho innatt og sa: «Han Tor er visst daud i dag, han svara meg ikkje». Dei uti, alle saman. Men fekk ikkje svar. Så var det ein mann som kom på at han skulle pirka under fotblada hans. Da rykte han i foten. Han døydde i 1888.
Filed under Uncategorized
Per Skreddarstugun og fjoset på Hov
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong ein som heitte Per Skreddarstugun. Han skulle ha opp eit fjos åt brukaren på Hov. Han skulle ha det i stand til dei reiste til setra om våren. Brukaren på Hov var grinut åt «om, fordi han ikkje tok til snøgt nok, men så sa Per: «Å, e ska nok få det i stand». Då det var att 14 dagar før dei skulle reise, tok Per til. Det skulle vera eit stort fjos, det skulle rome 20 kryter. Når det kom folk nedi lia nedanfrå, høyrde dei at det hogg mange, men når dei kom so langt at dei såg han Per, sat han og hogg åleine. Etter 14 dagar var fjoset fullt i stand.
Filed under Folketru
Du har 13 dagar på deg
Til å vera med på Fron historielags konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 minutt, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet. Videoen må ikkje innehalde musikk med opphavsrett. Konkurransen er open for alle med tilknytning til Fron.
Vinnaren får kr 5000. 2. plass kr 3000. 3. plass kr 2000. Vinnarane blir kåra på lanseringa av årboka Fronsbygdin 2014 i månadsskiftet okt/nov. Dei beste videoane bli presenterte på heimesida til historielaget.
Filed under Informasjon
Namn i Fron: Kollo
BRIT NILSEN: Kollo er både eit gards- og grendenamn på grenda mellom Kvam og Sjoa. Vi kjenner namnet første gongen nedskrive frå 1668, Koelen. Dette namnet er laga av gamalnorsk kol, trekol, slik vi brukar det også i dag. Forskarane meiner namnet opphavleg er eit elvenemn, Kola, med tydinga «den mørke, svarte». Dette elvenamnet finst fleire stader i landet, særleg på Austlandet. I dag er det ingen som kjenner til at det har vore nokon bekk eller elv med dette namnet i området.
Filed under Språk
Kongen tala utur huggu’e

Kongefamilien og Amundsens Hotell.
HANS PETTER KLEIVEN: Før påske i 1946 vart det kjent at kongefamilien ville feire påska i hytta si i Sikkilsdalen. Det vart ôg kjent at kongefamilien ville koma med nattoget til Vinstra og palmelaurdagen gå frå stasjonen til Amundsens Hotell, der dei skulle eta frukost, før dei drog i bilar opp mot Skåbu og vidare i beltevogner til Sikkilsdalen. Alle ville sjå og helsa på den kjære kongefamilien, så det var fullt av folk langs ruta frå stasjonen og til Amundsens Hotell. Her sto Vinstra Musikklag oppstilt, og ein fekk både Kongesangen og Nasjonalsangen. Ordførar Albert Kvammen heldt velkomsttale, og kong Håkon takka. Les meir
Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Verksemder
Namn i Fron: Vinstra
BRIT NILSEN: Elve- og vatnnamnet Vinstra har ôg gitt namn til stasjonsbyen Vinstra. Det fleste forskarar har tolka namnet som «den venstre», fordi elva ligg på venstre sida av hovuddalføret når ein fer oppover dalen. I en artikkel frå 1978 skreiv forskaren Kåre Hoel om namnet Vinstra, og han har ei heilt anna forklaring: Han meiner namnet er ei sjølvstendig elvenamnlaging av gamalnorsk vinda, som betyr «dreie, svinge, vinde». Namnet skulle da bety «den som vindar og snor seg, den som går i krok og slyng.» Han meiner også at namnet opphavleg var brukt på Vinstervatnet, som er svært krumt.
Filed under Språk
Namn i Fron: Kvikne
BRIT NILSEN: Namnet på bygda Kvikne i Vinstradalen er eit gammalt namn, og det finst skriftleg belagt i 1432, a Kviknom. Namnet er elles berre kjent som bygde- og gardsnamn frå Sør-Trøndelag. Kvikne i Nord-Fron har nok opphavleg vore eit gardsnamn, og det kjem truleg av gamalnorsk kviknar, som heng i hop med det gamalnorske adjektivet kvikr, med tydinga «levande». Namnet kan sikte til grunnforholda på staden, til kvikkleire og fare for til dømes jordras. Slik bygda ligg til i bratta, høver dette godt.
Filed under Språk