Monthly Archives: juli 2014

Broka datt tå’om

bull2FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:  Gamle- Fredrik Fosse, han var født i 1788. Han og Hans Dalen låg på Kubben på fiske. Om morgonen fekk dei sjå ein reinsflokk. Han Hans drog på seg broka, men gløymde å ha på seg hengslin. Så skaut han på reinen så broka datt tå’om.

Han Torger Vistad vart fødd den 17. mai 1814. Det var ein dag han var oppå setra. Da fekk han tak i ein ulveunge, men ulveungen reiv tå’om vesten. Da vart han Torger sint, han tok ungen og dengde han og tok’n med seg.

Du finn alle segnene her.

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske

Spelemennene Jehans Knuta og Amund Grisibu

Gammal vals etter jehans KnutaRASMUS STAURI:  Høyr Sør-Fron spelemannslag med en vals i tradisjon etter Jehans Knuta. Vil minnet om dei gamle spelemennene i bygdene  bli gløymt i vår hektiske og travle tid? Dei er fargeklattar i eit samfunn der anglo-amerikansk kultur svevar over og inn i hovuda våre. For dei som i dag driv med fele- og trekkspelmusikk, er desse gamlekarane med på å gje identitet og lokal tilknyting. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Huldra på Åkre

bullheksFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var på Åkre ein gong ei jente som heitte Oline, ho var budeie der. Så ein kveld var det borte ei ku for ho, og tok av stad og skulle leite etter ho. Da ho kom nedmed Åkervatnet, møtte ho ei annor jente som ho ikkje kjende. – Har du sett nokor ku? spurde ho Oline. – Ja, ho går bortmed vatnet her. – Kår e du frå da? Spurde ho Oline. – Eg bur nedmed vatnet, eg, sa den andre. Oline skjøna at det var ei hulder ho hadde møtt og sa: – Kors i Jesu namn! Da vart jenta borte.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Bjerkebæk – heimen til Sigrid Undset frå Kvam og Sør-Fron

Sigrid Undset i «Dalsegstuen» på Bjerbæk

MARIT HOSAR OG KJELL MARIUS MATHISEN: I dag er heimen til Sigrid Undset gjort om til museum, og er ein stor attraksjon i distriktet. Korleis gjekk det til at diktarheimen Bjerkebæk fekk hus frå Fron? Denne artikkelen gir svara. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Litteratur

Då Erek Skreddarstugun mista hovudet

bullhodeFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong kjerringa åt «om Erek Skreddarstugun stod og stampa graut. Då vart ho så sint at ho slo til mannen sin i hovudet med sleiva så det trilla burtetter golvet og under benken. Ho vart redd og flaug burti smia åt far hans. Men han sa: «Du fær gå innatt so tenkjer eg det er på att kome.»

Erek Skreddarstugun levde i Ruste ved Vinstra og kunde kverva synet på folk.

Du finn alle segnene på ei samleside.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

Ein snau kar frå Heidal og kjerringa med synåla

bull19-20

FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong ein mann, ein snau fekar frå Heidal, som dreiv på med å setja op eit gjerde. So kom det bortåt honom ein mann med raudt hår og spurde: «Var du ikkje med då Vår-Herre skifta ut håret, du då?» «Jau,» svara den snaude, «men det var att berre noko raudt, stygt noko, og det vilde eg ikkje hava.»

So var det ein gong den same fekaren trefte nokre kjerringar og bad dei med seg inn på kaffe. Då han tok av seg luva, sa den eine kjerringa: «Hadde eg havt so lite hår som du, vilde eg havt luva på meg.» Men då svara fekaren: «Hadde eg havt so fåe tenner i kjeften som du, so hadde eg ikkje vilja gapt til og sagt dette.»

Det var ei kjerring i gamle dagar som skulde vaske hos seg. Fyrste dagen vaska ho golvet og andre dagen vaska ho veggene, og den tredje dagen vaska ho taket, og fjerde dagen strødde ho all oska utor omnen utover golvet og leitte etter ei synål.

Du finn alle segnene på ei samleside.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner, Menn

Dei kviskrar så stilt under felden

budeiegriser

Budeia kunne fortene ein fest etter alt arbeid og ansvar.

Dei to inni selet ligg glade og yr,
og kviskrar så stilt under felden;
– for kroken på innsida krøte dei på –
– og om det kjem udyr – det vert vel ei råd
guten han er her så sjelden.

Etter at budeiene hadde gjort det som gjerast skulle og var nedkomne frå fjellet, vart det halde fest for dei. Desse festane var til ære for budeiene og ein takk for innsatsen. Det synte seg mellom anna ved at dei hadde gratis inngang. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Setring