General´n på Frostad og ho Beret Svastugun

frostad

Frå Kvam 1895. Vik (høyre i forgrunnen) og Klomstad. Øvre høyre kant kapteinsgården Frostad. (foto: H.H. Lie)

PER ÅSMUNDSTAD:  På Kvamskjørkjegarden skal det finnast eit gravminne med denne innskrifta:

Her under hviler Chefen for den Gulbrandsdalske Musqueter Corps
VILHELM CHRISTIAN KEILHAU, Ridder af Sværdordenen
Fød i HOLSTEN 27 de Juni 1760 og døde Paa Gaarden Frostad i Kvam den
15de Januar 1834 i en Alder af 74 Aar  Fred med dit Støv!

Før Keilhau kom til Frostad i 1810, heldt han til på sjefsgarden Bauker i Østre Gausdal. Han var enkjemann og kallast major. Keilhau vart kalla berre ”General´n på Frostad” etter at han vart forfremma frå major til general-adjutant. Hushaldar hadde han med seg frå Gausdal. Ho har au fått reist gravminne i Kvam der det står: ”Berthe Christensdatter Frostad født 20.August 1783, død 25.Januar 1851”. Ho skulle vera født på ein husmannsplass ved Bauker og kom truleg åt huset Keilhau da han vart enkjemann. Ho fekk ei dotter, Anne Margrethe, i 1807, og etter at ho kom til Kvam, fekk ho ei dotter til som fekk namnet Dorothea. Ho var født i 1815. Det er sagt at båe desse jentene var døtre til Keilhau.

I 1822 vart Berte gift med ein frå Heggerusten i Kvam. Dei fekk ein gut som fekk namnet Christian Edvard Frostad. Dette skulle tyde på at denne familien budde på Frostad så lenge Keilhau levde. Guten døydde etter berre få månader. Han heitte vel helst etter morfaren Kristen Smed.

Beret som kronebrurpyntar

Beret var før og tjukk og god for seg til mangt. Åttåt å vera flink kokke var ho til god hjelp for Keilhau med å ”antage” eller ”fritage” soldatmannskap, særleg i Kvam. Dessutan var ho i lang tid sjølvskrivi som kronebrurpyntar langt utanom Kvamsbygda. Ho hadde to sett med kroner, belte, sølju og kjede. Det eine sette var sølvkrone og sølvstas som høyrde til. Det var noko for betre folk og det var ein spesidaler for pyntinga da. For simplare folk var det eit billigare sett. Det var strengt med det at ei fremmeleg brur ikkje fekk bruke sølvkrona. Ho hadde skjemt ut ”sin jomfruelige ære og verdighed”! Ho laut nøye seg med ei blekk-krone. Farfar min fortalde at det var ho Beret som pynta mor hans, Mari Nistugun Skåbu, da ho gifta seg med Tor Pedersen Hågåstugun 13.juni 1837. Den siste kronebrura i Kviknekjørkun farfar visste av, var Mari Fredriksdotter Ner-Fosse frå Skåbu i 1841, men han hugsa ikkje det. Farfar var født i 1839

Farfar fortel om eit gjestebod i Kvikne

”Fyrste gjest´bodet eg hugsar stod her heime på Søre den 10.oktober 1949.det var hennar Mari fa´syst som gifta seg med´om Ommund Klukkar (Amund Eriksen Halvhuden). Dit var det bedt skyldfolk frå Skåbu og ne´afor. Dei var bedne og komne åt gjestbo´sgarda kvelden før. Tenestguten og eg skulle møte dei ogonte Skåbu med lite traktering. To andre for sø´te i same ærend. Vi møtte skåbyggingom nordi Massingdala og trakterte dei med skjenk og biteti. Klanettblåsarann kom au den kvelden. Føre høgstdags gjestbo´sdagen  tek bygdafolk og grendsfolk til å koma tilgards, og for kvar gjest blæs klanettblåsarann ein lystog brurmarsj. Bjoar´n bed inn, fyrygangskvinnfolka tek i mot sendingom og fyrygangsmannen skjenkjer dram og bititi. Brura skulle helst pyntast i eit rom avsides. Brudgommen skulle ha ein høg svart hatt med vid pull. Det var berre ein slik hatt i Kvikne til å låne bort, og den hatten var med ofte. For lånet var det ei mark.

Etter brurvigsla bar det til med sjølve gjest´bodet som kunne vara rad tein tri-fire dagar. Eg minnest eitt i Skåbu så omtrent i 1850 som vara ei heil viku., Den eine dagen var den andre lik: storeting, stordrikking, dans, kortspel og terningsspel. Det sleit på tida, på utkoma, på helsa både kroppsleg, åndeleg og sjeleleg. Det har gått stillare og enklare for seg i seinare tider”.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s