Slangen Seter i Skåbu

slangen

Eit skikkeleg trekkplaster for bygda Skåbu

OLE CHRISTIAN RISDAL: Slangen Seter er ei perle i Skåbu. Staden har rike tradisjonar attende til 1800-talet. Til å byrje med var Slangen vår- og haustseter til garden Nedre Skåbu, men etter kvart vart det turiststad og er i dag eit skikkeleg trekkplaster for fjellbygda ved foten av Jotunheimen. Her finn ein både rideskole, fjellstue og hytteutleige. Gjennom åra har det vore mykje aktvitet der og staden har fleire gonger vore i media. I 1976 laga NRK-mannen Lars Hauge dette programmet frå Slangen. Der deltok både stamgjester og lokale aktørar.

Slangen før og no

Der Slangen Seter eller Peer Gynt Rideskole no ligg, var det til å byrje med berre eit naust og ei fiskebu som høyrde garden Nedre Skåbu til. Det eldste huset som er på Slangen i dag, er Erlandbua. Den skal vere bygt av ein Erland Pålsen frå Nedre Skåbu. Det er så lenge sidan han levde at han var med i krigen mot svenskane i 1814. Det var lite med mat blant soldatane, og ofte kunne maten tilmed vere skjemd. Mange fekk sott og døydde. Men han Erland heldt seg frisk heile tida, og det meinte folk kom av at han var så gild til å ete. Han åt mest alt han kom over, om maten var dårleg brydde han seg ikkje det minste om.

Evnerike folk

Alle desse gamlekarane i Nedre Skåbu var særs evnerike og opplyste folk. Dei var både lese og skrivekunnige, noko som var uvanleg blant bygdefolk den gongen. Erland er nemnt i boka Fronsbygdin av Ivar Kleiven. Han skriv: » Han Erland skull vera reint e» storhugu i astronomi».

Det hang ved desse gamle Skåbu-karane at dei var huga på det sterke, og då han Erland kom noko opp i åra, tok det til å gå reint overstyr for honom med drikkinga. Nokon fekk då laga det slik at ein husmann som dei kalla for «GammelMaurstan» skulle fylgje honom nord i Erlandbua. Han skulle freiste å få han på «rett kjøl att» for ei stund. Maursta’n gjekk opp i Nedre Skåbusetra i Finbølet for å hente ei treflaske med gammal sterk surmysu. Dette tykte nok han Erland var både sterk og god drikke, for han sa: «E» skjønne fan itte kå’r du fe ti alt brennvinet frå gut».

Frå seter til turiststad

Slangen ligg lognt og lugomt til, og vegen til Finbølet går like forbi der. Mannen i Nedre Skåbu tykte at det kunne vere høveleg å stane der ei stund, så vel vår som haust med krøttera. Han bygde eit fjøs der, og no vart Slangen nytta som vår og haustseter i mange år.

Det tok smått til å reka turistar innover fjella. Ofte kom dei frå Gausdal og leigde seg rorskar etter Espedalsvatna og Olstappen. Nedre Skåbusetra ved Slangen vart då ein lagleg stad å ta inn på.

Pål Hansen Skåbu,(brorson hans Erland fødd i 1837, gift med Oline T. Nordgarden) fann at det kunne vere ein ekstraskilling å tene på dette. Han bygde opp to hytter ved sida av seterhuset, og etter kvart kunne han byrje med utleige for turistane. Turiststraumen auka på, og smått om senn vart Slangs-setra påbygt og utvida. Ei tid var det Jørgen Hvattum som stod føre drifta. Jørgen var svigerson hans Pål.

Slangen Sæter, som staden no vart kalla, vart seld i 1919 av Paul Torgersen Skåbu (soneson til Pål Hansen) til vognmann Mathisen frå Fåberg. Det var no kome i gang bilrute frå Fåberg stasjon til Vassenden i Espedalen. I samband med dette vart det òg ordna med motorbåtrute etter Espedalsvatna og Olstappen. Dette var etter opptak av Gausdal Bilselskap. Dette var lenge før nokon bilveg til Slangen var påtenkt, den einaste køyrevegen til Slangen var den gamle Sikkilsdalsvegen. Den tok av utanfor Hamnsetrene. Det vart på det næraste slutt med å frakte turistane med hesteskyss. Motorsykkel med sidevogn kom i bruk. Det var ikkje så reint få som skaffa seg denne nye kjørereiskapen, for så og freiste å tene ein ekstra skilling i turistsesongen.

Vanskeleg tilkomst

Men det gjekk dårleg økonomisk for Mathisen, og i 1924 er det Lillehammer og Oppland Kreditbank som er eigarar. Like etter er det svigersonen til Mathisen,  Agnar Åseth som tek over Slangen Seter. Han skaffa seg motorsykkel og frakta sjølv dei gjestane som kom over Vinstra stasjon. Han hadde ikkje sidevogn, men tilhengar med plass til to eller til nød tre personar. Med ein på baksetet kunne ein få med fire passasjerar, mot berre to på ein sykkel med vanleg sidevogn. Det var berre ein skarve kjerreveg frå Sikkilsdalsvegen og nedover til Slangen. Det såg mest ut som eit elvefar til å byrje med, men vegen vart noko likare lenger nede. Det vart bygt ein garasje ved nedkøyringa til setra. Denne vart óg nytta til lagring av matvarer og andre ting. Det var eit slep å frakte varer frå garasjen og nedover til Slangen, når ein ikkje hadde øyk for hand.

Agnar Åseth var ein stor og før kar, og det er fortalt at han fleire gonger tok ein hundre kilos mjølsekk på ryggen, skøyte og bar den heilt ned til Slangen.

Sølvrev og karakul-sau

I 1930 er det skøyte frå Agnar Åseth til disponent Haneborg frå Oslo. Han brydde seg ikkje så mykje om gjestetrafikken. Han satsa heller på sølvrev, og seinare karakulsau. Han leigde to røktarar, men heldt seg sjølv for det meste i Oslo. Han kom snart i økonomiske vanskar, og laut selje Slangen. Det var disponent Eivind Damsleth som vart ny eigar ved ein auksjon i 1938. Men han vart verande berre i fire år, og det var Ingeborg Ytterborg Tobiesen som var kjøparen denne gongen. Ho hadde eit pensjonat i Oslo frå før, som ho dreiv i fleire år etter at ho hadde kjøpt Slangen. Etter nokre år selde ho pensjonatet i Oslo og busette seg i Slangen.

Ny veg

Som tidlegare nemnt var vegen til Slangen både tung, bratt og lei, etter at ein tok av frå Sikkilsdalsvegen. Men då denne vegen ikkje var open for motorkøyrety i vintertida, var det Langhellvegen som vart mest brukt på denne tida av året. Den gjekk i slakk helling påskrå etter Slangslia og ned til brua, og på sledeføre var den godt brukbar. Den vart nytta av mange til skogskøyring om vintrane. Men til kjerreveg var den lite brukbar, ujamn, skranglet, med store steinar og blaute myrputtar iblant. Men likevel var det her bilvegen til Slangen vart lagt, då den endeleg kom. Det synte seg at det var her ein fekk den jamnaste hellinga. Og etter ein del grøfting, viste det seg at veggrunnen stort sett var bra. Det vart sjølvsagt til stor lette for drifta av Slangen, då den nye vegen kom. No kunne ein få både gjestane og alt som høyrde til, heilt inn på gardsplassen.

Gjestetrafikken aukar

Ingeborg Tobiesen var eit arbeidsjarn av dei sjeldne. Ho dreiv heile tida med stor gjestetrafikk ved sida av andre syslar. I dei harde krigsåra hadde ho både hest og fleire kyr. Ho gjorde alt, like frå onnearbeid til koking. Ja, ho stod heller ikkje i beit for å sele på hesten og reise til fjells etter eit moselass til dyra sine. Men i 1956 kjøpte ho ein heiegard i nærleiken av Mandal, og selde difor Slangen. Det var då ei dame ved namn Ruth Langjord som var kjøpar.

I 1960 var det handel mellom Ruth Langjord og Magne Skjellerudsveen. Han hadde Slangen i berre tre år, før han selde att til Reidar Rolstad. Han stod som eigar to år, og selde så eigedommen til Marit Dahl.

I 1973 var det skøyte frå Marit Dahl til Bernt- Håkon Andresen, som framleis driv den tradisjonsrike setra ved inngangen til Jotunheimen. Han og familien har bygd opp Slangen til ein rimeleg stor fjellgard og eit ”turistmekka”, noko som er vorte eit skikkeleg trekkplaster for bygda Skåbu. Her finn ein både rideleir, fjellskole, fjellstue og hytteutleige. Vertskap i dag er Bernt Håkon Andresen og Anita Stebergløkken. Sjå meir om Slangen Seter her.

Kjelde:

Samlingane etter Torger T. Risdal

Artikkelen stod også i Årbok for Gudbrandsdalen 2001.

Lagt ut første gong oktober 2013

Kommenter innlegget

Filed under Musikk, Setring, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s