Dei fekk kjeft

PG1990Peer Gynt ved Gålåvatnet ein suksess sidan 1989? Nei. Er økonomiske problem noko nytt? Nei. Dei fekk mykje kjeft, dei som sette i gang: Heilt utan økonomisk styring. Alt kom seint i gang, dårleg bemanning, altfor mange oppdrag på fritida til få personar. Sviktande planlegging, mangel på haldbare kontraktar, for mange improviserte og fordyrande idéar. RAGNAR ØVRELID fortel:

Per Gynt-nemnda oppsummerer spelet ved Gålåvatnet 1989 slik:

Kunstnerisk sett var dette kjempebra, men det er et stort økonomisk løft. Selv med kjempeoppslutning fra publikum må det til neste års framføringer arbeides med å skaffe penger.

Dette var ein forholdsvis lågmælt kommentar. Heile 1500 betalande hadde sett forestillinga, og mange hadde gjort ein stor frivillig gratisinnsats.

Likevel kom spelet i 1989 ut med eit kraftig underskot. Nemnda hadde budsjettert med utgifter på 315 000 kroner. Resultat: 626 000 kroner i omkostningar. Nemnda fekk ukalkulerte kostnader: Anne Bjørkvik hadde ikkje lenger arbeid som teaterkonsulent i Oppland fylke, og måtte betalast av stemnet. Den nye instruktøren måtte ha løn, og han ønskte seg effektar som ikkje var budsjetterte, m.a. eit sjøfly. Oppsettinga skulle dokumenterast på video, det vart dyrt. Osv. På inntektssida svikta det også. Fleire av dei pårekna tilskotsmidla vart nedskorne eller mangla heilt, blant anna på grunn av for seine søknader, enda Anne Bjørkvik hadde hjelpt til, her hadde det gått fort. Fron Sparebank og fronskommunane la inn mindre tilskot, og Høegh Invest (skisenteret og Golå Høyfiellshotell, som seinare forandra namn til Gålå Høgfjellshotell på grunn av Peer Gynt-speIet) sponsa forestillinga med ein større sum. Men det monna lite.

Etter spelet fekk nemnda kritikk frå fleire hald for manglande økonomisk oversikt, for sviktande planlegging, for mangel på haldbare kontraktar, og for mange improviserte og fordyrande idéar i den raske prosessen på vegen fram mot premieren. Særleg sterke var kommentarane frå formannskapet i Nord-Fron. Det

ville gi uttrykk for at Per Gyntstemnet sjølvforskylt har sett seg i ein svært vanskeleg situasjon, og at arrangementet i 1989 har vore heilt utan økonomisk styring. Som ei forklaring på situasjonen bør det vel her skytast inn at alt kom seint i gang og måtte gå fort i 1989, med dårleg bemanning,så altfor mange oppdrag fall på fritida til få personar.

Teatersjefen, Reidar Stangenes var dette året formann i Per Gynt-nemnda, og hovudansvarleg for alle dei andre aktivitetane på stemnet også. Det blir jo ofte slik at den som har ein idé ofte vil eller må utføre mykje av jobben sjøIv også. Så kom det til at nemnda hadde begrensa erfaring med teaterarbeid og hadde lite å stille opp med mot sterke ønskemål frå instruktørane og dei andre profesjonelle, som nok hadde rekna med tryggare økonomiske forhold, og tenkte meir på kvalitet enn på kostnader. Budsjettet for forestillinga sprakk med eit underskot på nærare 300 000 kroner.

Men rekneskapane etter spelet i 1989 kunne trass alt vise eitt positivt trekk, som burde skape gode håp for ei framtid: billettinntektene.Dei viste seg å bli fire gonger større enn nemnda hadde rekna med. Arrangørane hadde håpa på eit publikum på 300 betalande, á kr 100, altså 30 000 kroner. Billettinntektene vart på 118 000 kroner! Så publikumsinteressa gav i alle fall grunn til optimisme.

Likevel: Om spelet skulle vere liv laga, måtte det kome orden i rekneskapane. Nord-Fron kommune, som etter gieldssaneringa i 1987 hadde kome tungt med i styringa av Per Gynt-stemnet, tilsette i juni 1990 Knut Sveen som formann, og økonomisk ansvarleg. Eigentleg vart han påsett i halv stilling for å jobbe med, og samordne planane for 1991-stemnet. Men på grunn av problema som var oppstått måtte han bruke mesteparten av dei sju månadene han fungerte til å ordne opp i 1989-finansane.

Det vart ein slitsam botsgang for Sveen, frå kreditor til kreditor, frå sponsorar til bankar, hotell og kommunar. Han hadde ikkje berre underskotet frå spelet å hanskast med, det låg minustal i rekneskapane til andre delar av stemnet også, til saman ei gjeld på 450 000 kroner sommaren 1990. Sveen måtte gå hardt til verks i redningsaksjonen, same kor tøft han tykte det var. Han innførte streng disiplin hos alle impliserte, han ville ha full oversikt både over spelet og over heile stemnet, kan kravde kopi av alle brev som nemnda sende ut. Han greidde å skjere ned utgiftspostane på budsjettet for 1990-spelet frå 1 100 000 ti1 654 000 kroner.

Og innsatsen gav resultat: Kreditorane sa seg villige til å «fryse» gjeldspostar, venneforeininga, hotella og næringsliv elles skulle hjelpe til. Nord-Fron kommune godtok motstrevande å gi eit renteog avdragsfritt lån (i fem år) på 100 000 kroner, pengar som lokale kreditorar måtte ha utbetalt før dei kunne engasjere seg i eit nytt stemne. Rådmannen anbefalte lånet, formannskapet sa omsider ja, det også, med fire mot to stemmer, etter som «prosjektet nå er underlagt streng og seriøs økonomisk styring.» Men til løyvinga kunne dei ikkje dy seg for å plusse på eit vilkår: at dette er det siste og endelege økonomiske bidraget frå Nord-Fron kommune, og at Per Gynt-stemnet for framtida greier seg utan kommunale tilskot.»

Hotellfolka ved Gålåvatnet og på Fefor klaga over at Sveen måtte så mykje motbør hos dei som ikkje såg betydninga av å utnytte Per Gynt-tradisjonen. – Det er viktig at det store løftet med Peer Gyntspelet ikkje stoppar opp, skreiv dei, og det er viktig at Nord- og Sør-Fron begynner å arbeide konstruktivt saman.

Per Gynt-nemnda frykta det verste.

Men ordførar Gunnar Tore Stenseng roa dei ned med at formannskapsvedtaket ikkje var slik å forstå – han kunne garantere at det framleis ville bli årlege overføringar til stemnet. Arbeidet til Sveen, og støtta frå kommunen, gav stemnet eit pusterom, og Per Gynt-forestillinga kunne gjennomførast i 1990 også. Men «frysinga» av gjeldspostane galdt berre til 1. oktober dette året, så nå ville framtida bli bestemt av dei fire planlagde forestillingane i august. «I år er det være eller ikke være for Peer Gynt-spelet,» sa Stangenes til Dagningen. «Kommer ikke 3000 betalende, vet vi ikke om det blir oppsetning neste år.»

Det kom over 5000, og spelet var sikra. Det vart eit lite underskot på forestillingane i 1990 og, men ikkje meir enn at det kunne inndekkast av inntektene frå resten av stemnet, som dette året rodde seg i land med eit godt resultat.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s